Workfinder

Klepp kommune, Orre skule

SFO-medarbeidar

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Har du lyst til å bidra til at barna får ein trygg, aktiv og kjekk SFO-kvardag? Då ønskjer vi å høyre frå deg! Orre skule i Klepp kommune søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar til eit 40 % vikariat på SFO, med tiltreding etter avtale. Vikariatet varer til 31.07.2027. Stillinga kan passe godt for deg som er student og ønskjer å kombinere jobb med studium, eller for deg som ønskjer ei mindre deltidsstilling. Det kan òg vere aktuelt med ei mindre stilling på morgon-SFO, dersom dette passar for deg.

Arbeidsoppgåver Som medarbeidar på SFO vil du mellom anna:

  • •Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna
  • •Delta i leik og ulike aktivitetar inne og ute
  • •Bidra til eit godt og inkluderande miljø
  • •Følgje opp barna sine behov og bidra til gode relasjonar
  • •Samarbeide med dei andre tilsette på SFO og skulen
  • •Bidra til praktiske oppgåver knytte til SFO-kvardagen

Kvalifikasjonar

• Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg • Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel • Studentar innan barnehage, grunnskule, pedagogikk eller andre relevante fagområde er velkomne til å søkje • Gode samarbeidsevner og evne til å skape trygge og gode relasjonar til barn • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Personlege eigenskapar

• Er trygg, positiv og omsorgsfull • Likar å vere saman med barn og ser verdien av leik og aktivitet • Er engasjert og tek initiativ • Er fleksibel og samarbeider godt med andre • Har gode relasjonelle ferdigheiter • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr

• Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø • Moglegheit til å kombinere arbeid med studium • Moglegheit for ekstra arbeid på morgon-SFO etter avtale • Ein arbeidsplass der du får vere med på å skape gode dagar for barna Kontaktinformasjon Kenth Magne Åsebø-Trodal, Rektor, +47 90790216

Arbeidsstad Roslandsvegen 366

4343 Orre

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5197185543

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.11.2026