BUP Haugesund, Helse Fonna HF
Psykolog, spesialist i klinisk pedagogikk eller klinisk sosionom
BUP Haugesund har ein nyoppretta 100% stilling i poliklinikken for psykolog, spesialist i klinisk pedagogikk eller klinisk sosionom. Er du engasjert i faget ditt, glad i å dele kunnskap og oppteken av eit godt arbeidsmiljø? Då kan du vere akkurat den vi ser etter i teamet vårt på Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP). Hos oss møter du flinke, rause og trivelege kollegaer – og eit arbeidsmiljø der både trivsel og fagleg utvikling står i sentrum. Vi ønskjer høg fagleg kompetanse, og legg til rette for at du som kollegaen vår kan vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare. Vi nyttar fleire metodar i behandlinga, blant anna B4DT (4-dagars behandling), TF-CBT og DBT. Nye medarbeidarar får god opplæring og moglegheit for kurs og vidareutdanning, slik at du blir trygg i rolla og kan bidra i dei ulike tiltaka våre. Samarbeid står sterkt hjå oss – både fagleg og kollegialt. Har du kjennskap frå helsetenester for barn og unge? Sjå filmen og bli betre kjent med oss – sjå filmen vår: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM Vi veit at trivsel på jobb er avgjerande, og hos oss satsar vi på eit inkluderande og sosialt miljø. Vi har felleslunsj, fagdagar, trening og hyggelege kveldsarrangement – små og store ting som gjer kvardagen betre. Høyrest dette ut som ein arbeidsplass for deg? 👉 Søk i dag! Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt. Har du moglegheit til å starte snart, er det flott – vi avtalar oppstart i lag.
Kva går jobben ut på? • Du utgreiier, diagnostiserer og behandlar barn og ungdom. • Du bidrar fagleg gjennom rettleiing, undervisning og samarbeid i team. • Du har dialog med foreldre og andre som er viktige i livet til barnet eller ungdommen. Kva slags kompetanse treng du? • Du må ha norsk autorisasjon som psykolog, vera godkjend spesialist i klinisk pedagogikk eller klinisk sosionom. • Det er ein føresetnad for tilsetjing at den som søkjer må ha relevant erfaring og kvalifikasjonar som sjølvstendig behandlar, slik at vedkommande kan gå direkte inn i klinisk arbeid. Dette kan vere erfaring frå BUP eller tenester i kommunal regi. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg? Vi ønskjer at du: • er flink til å samarbeide og dele kunnskap med andre. • jobbar strukturert og sjølvstendig. • er kreativ, open for nye idear og tilpasningsdyktig. Personlege eigenskapar blir vektlagde, spesielt korleis du passar inn i teamet. Kvifor skal du velje oss? • Eit utfordrande og spennande fagfelt i utvikling • Arbeid i tverrfaglege team. • Moglegheit for å lære meir og utvikle deg fagleg. • Eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer. • Regelmessige faggruppemøter. • Skrivepermisjon knytt til skriftleg arbeid i spesialistutdanninga for psykologar. • Jobben er på dagtid, 37,5 timar i veka, med moglegheit for fleksitid. Litt om oss: BUP Haugesund gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0 til 18 år. Vi dekker 10 kommunar i området. Vi har både poliklinikk og døgnpostar for barn og ungdom. Døgnpostane har akuttfunksjon og dekker heile området til Helse Fonna. Poliklinikken er delt inn i to team etter geografi. BUP Haugesund er godkjend som utdanningsstad innan barne- og ungdomspsykiatri.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar/overlege, 52732850
Margrethe Reigstad Aase, Funksjonsleiar/psykologspesialist, 52732850
Marit Elisabeth Ness, Funksjonsleiar/Psykologspesialist, 52732850
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850, lene.elisabeth.nordtveit@helse-fonna.no
Arbeidsstad Vinjes gate 10
5522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
