Workfinder

Kvinnherad kommune Sunde barnehage

Tilkallingsvikar Sunde barnehage

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Omtale av stillinga Her i Sunde barnehage har vi behov for fleire tilkallingsvikarar ved sjukdom, ferie og anna fråvær. Kven ser vi etter? Vi ser etter deg som ønskjer å arbeide saman med barn og bidra til gode dagar i barnehagen. Kanskje er du arbeidssøkande, student, tek eit friår før vidare studiar, er heimeverande eller har ei deltidsstilling og ønskjer meir arbeid i kvardagen. Vi ønskjer spesielt deg som er god på relasjonar, som møter både barn og vaksne med varme, respekt og interesse. Du er glad i å vere ute og trivst med ein aktiv kvardag i all slags vêr. I Sunde barnehage satsar vi på Uteliv og Leselyst. Vi ønskjer at barna skal få rike naturopplevingar, utforske nærmiljøet og oppleve gleda ved å vere ute. Samtidig legg vi vekt på høgtlesing, språk og litteratur som gir barna gode opplevingar og styrkjer leseglede og nysgjerrigheit. Arbeidsmengda vil variere gjennom året. I periodar kan det vere behov for mykje hjelp, medan det i andre periodar vil vere mindre arbeid.

Vi ønskjer at du

• Er glad i barn og oppteken av å skape gode relasjonar • Er positiv, omsorgsfull og ansvarsbevisst • Er glad i å vere ute og delta aktivt i leik og aktivitetar • Er fleksibel og kan stille på kort varsel når det er behov • Bidreg til eit trygt, inkluderande og godt barnehagemiljø Vi tilbyr:

  • •Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og støttande kollegaer
  • •Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • •Moglegheit til å få erfaring frå arbeid med barn
  • •Verdifull erfaring for deg som vurderer utdanning eller arbeid innan oppvekst, pedagogikk eller helse
  • •Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • •Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP

Høyrest dette interessant ut? Då håpar vi å høyre frå deg! ????

Gyldig politiattest må framleggjast før oppstart.

Link til søknadsskjema: Søk her