Sunnfjord kommune Holsen skule og barnehage
Holsen skule og barnehage har ledige stillingar som
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Førde
- Heltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 10. november
- Lønn ikke oppgitt
Holsen skule og barnehage er ein levande og samlokalisert skule og barnehage i Sunnfjord kommune, vakkert plassert i naturskjønne omgjevnader på vegen mellom Førde og Viksdalen. Eininga har dette skule- og barnehageåret tildelt 12 årsverk, som saman har ansvar for til saman 55 born. Skulen er fådelt, og har inneverande skuleår 36 elevar fordelt på 1. til 7. klasse, medan vi i barnehagen har 19 born dette barnehageåret. Vi har no følgjande ledige stillingar:
- •100 % stilling i vikariat som pedagogisk leiar i barnehagen frå snarleg til 31.07.2027
- •40 % stilling i vikariat som grunnskulelærar frå snarleg til 31.07.2027
Stilling som pedagogisk leiar Vil du vere med på å skape ein trygg, leiken og lærerik kvardag for barna våre? Ein av våre pedagogiske leiarar skal ut i permisjon, og vi har ledig 100% mellombels stilling fram til 31.07.2027. Vi søkjer ein engasjert og tydeleg pedagogisk leiar til ei mellombels stilling i barnehagen vår. Som pedagogisk leiar får du hovudansvaret for å planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tråd med barnehagelova og rammeplanen. Du vil leie og rettleie teamet ditt, og samarbeide tett med foreldre og resten av fagmiljøet i barnehagen for å sikre eit inkluderande og godt oppvekstmiljø. Søkarar til stillinga som pedagogisk leiar må ha:
• godkjent utdanning som barnehagelærar eller førskulelærar • dokumentert norskkunnskap i samsvar med barnehagelova § 28 Søkarar til stillinga som pedagogisk leiar bør ha følgjande personlege eigenskapar:
- •Relasjonsorientert og varm: Evne til å sjå kvart enkelt barn, skape tryggleik og gje god omsorg.
- •Leiken og engasjert: Aktiv deltaking i barnas leik og kvardag, både ute og inne.
- •Gode samarbeidsevner: Open og tydeleg i dialogen med foreldre og kollegaer
- •Robust og fleksibel: Evne til å takle ein travel kvardag med høgt tempo og uføreseielege situasjonar.
Stilling som grunnskulelærar Vil du skape lærelyst hos borna og gje dei ein trygg og god skulekvardag? Ein av våre lærarar skal ut i delvis permisjon, og vi har ledig 40% mellombels stilling fram til 31.07.2027. Stillinga kan leggast til to dagar i veka, og kan kombinerast med stilling som tilkallingsvikar, med gode moglegheiter for ytterlegare undervisningstid. Som lærar hos oss får du ansvar for å planleggje, gjennomføre og vurdere undervisninga i tråd med læreplanverket (LK20). Du vil fungere som ein tydeleg klasseleiar, byggje sterke relasjonar til kvar enkelt elev og samarbeide tett med kollegaer og føresette for å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Søkarar til stillinga som lærar må ha
• godkjent lærarutdanning, som oppfyller krav til undervisningskompetanse på barneskulen. Søkarar til stillinga som lærar bør ha Fagleg og pedagogisk kompetanse:
• Tydeleg og trygg klasseleiing som skaper eit godt og inkluderande læringsmiljø. • Kunnskap om og erfaring med Læreplanverket (LK20). • Kompetanse innan digital didaktikk og bruk av digitale læringsverktøy. • Evne til å drive formativ vurdering og tilpasse opplæringa til elevar med ulike føresetnader. Personlege eigenskapar:
- •Trygg vaksenperson: Evne til å byggje tillit og gode relasjonar til elevar og føresette.
- •Utviklingsorientert: Vilje til å samarbeide i profesjonsfellesskap for å vidareutvikle skulen sin praksis.
- •Strukturert og målretta: God planleggingsevne kombinert med fleksibilitet i undervisningssituasjonen.
Søkarar til begge stillingane må kunne legge fram gyldig politiattest utan merknader før tiltreding. Har du spørsmål om stillingane ta kontakt med rektor og styrar Elias Tvedt på e-post elias.tvedt@sunnfjord.kommune.no eller telefon: 928 63 392