Bufetat
Fagkonsulent
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Førde
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 15. november
- Lønn ikke oppgitt
Om stillinga og arbeidsstaden Region vest, Senter for foreldre og barn, avdeling Førde, har ledig 1-2 faste stillingar som fagkonsulent i 100 % stilling. I tillegg har vi ledig ei mellombels 100 % stilling som fagkonsulent. Den mellombelse stillinga er for eitt år, med moglegheit for forlenging. Ved avdelinga i Førde jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjoner og vi jobbar med kartlegging, samspelsobservasjon, rettleiing og behandlingsarbeid. Alltid med barnet sitt perspektiv som kompass for arbeidet. Senteret i Førde er eit av tre senter med døgnavdelingar i Bufetat, region vest. Barna i målgruppa er 0-6 år med prioritering av barna i alderen 0-2 år. Kjerneoppgåva vår er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2/2-3. Senteret kan og tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1 med fokus på utvikling av foreldreferdigheiter og å styrke tilknytinga mellom foreldre og barn. Senteret utfører oppgåvene både som heimebasert tilbod, dagtilbod og døgnbasert tilbod. Fagkonsulentar i senteret går inn i ein turnusplan som arbeider dag, kveld og helgevakter. For tida med inntil to seinvakter i veka og arbeid kvar 6.helg. Senteret har i tillegg eigne nattevaktstillingar og psykolog knytt til avdelinga. I senteret har vi eit tverrfagleg miljø som tek fag på alvor. Samstundes veit vi at godt humør og ein god latter innimellom gjer oss til betre hjelparar. Som del av dette miljøet vil du jobbe saman med kolleger som stiller opp for og støttar kvarandre. Vi deler kunnskap og søkjer mot utvikling av kompetansen vår. Vi stiller spørsmål, utfordrar og vil kvarandre vel.
Arbeidsoppgåver
- •utgreiing og hjelpetiltak etter lov om barnevern 2-2, 2-3 og 3-1
- •utgreiing, analysar og vurderingar av omsorgsituasjonen oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn
- •ansvar for dokumentasjon og rapportar i saker
- •utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid
- •samarbeide i team og bidra i eit sterkt fagmiljø
- •bistå med fagleg kompetanse internt og eksternt
- •vere ein pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling
- •rettleiing av foreldre
- •vitneførsel i nemnd og rettsinstansar
- •samarbeid med foreldre og samarbeidspartar
- •utføre naudsynte praktiske oppgåver knytt til drift av døgnavdeling
Kva bakgrunn har du? Må-krav:
• 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. Anna relevant treårig høgskuleutdanning kan og bli vurdert • relevant vidareutdanning: minimum 30 studiepoeng i kombinasjon med erfaring frå barnevernfagleg arbeid, eller 60 studiepoeng/master. Dersom du ikkje oppfyller dette kravet ved tilsetting, kan du berre vurderast til stillinga dersom du forpliktar seg til å ta slik utdanning innan eit år etter tilsetting • god munnleg og skriftleg framstillingsevne • god vurderingsevne • gode samarbeidsevner og evne til å arbeide i team • førarkort klasse B Bør-krav:
- •erfaring frå barnevernfagleg arbeid
- •erfaring fra arbeid med sped- og småbarn
- •erfaring frå sjølvstendig dokumentasjonsarbeid som inneber analyser og vurderingar
- •rettleiingskompetanse
- •sertifisering/kunnskap knytt til metodar i utgreiings- og behandlingsarbeid med foreldre, sped- og småbarn
Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som:
- •har stort engasjement for dei aller minste borna, og som vil bringe deira behov tydelegare inn i barnevernsarbeidet
- •som trivst i arbeidet med kartlegging, samspel, utviklingspsykologi og rettleiing
- •er lærevillig, nysgjerrig og villig til å utvikle deg saman med resten av teamet
- •organiserer arbeidsdagen din, tek ansvar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
- •både kan vere varm og tydeleg i møte med familiar og samarbeidspartnarar, óg i krevande kontekster - og som toler at ingen dagar er heilt like
Kva får du hos oss?
• Ein meiningsfull jobb med stor betydning for barn og familiar. • Eit inkluderande og engasjert fagmiljø med høg kompetanse. • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing. • Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende. • Moglegheita til å vere med og forme framtidas tilbod til små barn og familiar. Løn - og tilsetjingsvilkår:
- •Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ, stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t kr. 520 000 – 690 000 pr. år.
- •Ved minst 60 studiepoeng relevant vidareutdanning er stillinga plassert i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1496 klinisk barnevernspedagog eller 1173 klinisk sosionom, p.t kr 610 000 - 730 000 pr. år.
- •Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- •Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger (http://spk.no). Frå løna vert det trekt 2 % pensjonsinnskot.
Opplysningar til deg som søkjar
- •Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- •Stillinga er for tida lagd til senter for foreldre og barn, avdeling Førde
- •Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
- •Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- •Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- •Prøvetid i samsvar med statsansattelova.
- •Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde? For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.