Workfinder

Medisinsk biokjemi SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Bioingeniør II

HjelsetHeltid, Fast, FastFrist 2. november

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vi treng ein dyktig bioingeniør som er klar for ein variert og tidvis hektisk arbeidskvardag ved sjukehuset på Hjelset i Helse Møre og Romsdal. Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har vi ledig ei 100% fast stilling som bioingeniør II. Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er eit heilt nytt sjukehus som vart tatt i bruk i april i 2025. Her hos oss vil du bli inkludert i eit godt og variert arbeidsmiljø. Vi er inne i ein svært spennande periode, med ny og moderne automasjonsløysing for biokjemi, hematologi og koagulasjon. Det meste av utstyret i laboratoriet er flunkande nytt! Stillinga er knytt til fagområdet PNA og Urinundersøkingar. Fagområdet har ansvar for oppfølging av PNA-utstyr på sjukehuset sine avdelingar. Innanfor urinanalysar har vi automatisert stix- og urinmikroskopi-instrument, som ein av dei få i Norge.

Som bioingeniør II vil du vere ein viktig støttespelar for fagbioingeniør på fagområdet. Du vil også arbeide i ein tredelt turnus. Det betyr at du også vil få opplæring innanfor dei andre fagområda som inngår i vaktarbeidet.

Vi er opptatt av å planlegge slik at alle skal få ein mest mulig tilrettelagt turnus etter eige ønske og behov. Ved et eventuelt internt opprykk vil vi få ei fast ledig stilling som bioingeniør i vaktturnus. Vi ber søkjarar om å gjerne oppgi om dei er interessert i dette. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • •Stedfortreder for fagbioingeniør på fagområdet
  • •Bistå fagbioingeniør med arbeidsoppgåvene på fagområdet
  • •Delta i laboratoriet sine daglege arbeidsoppgåver ifølgje arbeidsbeskriving for den einskilde seksjon
  • •Delta i laboratoriet sin vaktturnus
  • •Bidra til å oppfylle føretaket sine overordna målsettingar med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling
  • •Sørgje for å halde seg fagleg oppdatert
  • •Bidra til opplæring og rettleiing av seksjonen sine medarbeidarar, studentar eller andre som skal utføre arbeid i laboratoriet

Kvalifikasjonar

• Bioingeniør med norsk autorisasjon • Relevant praksis vil bli vektlagt • Må meistre norsk, både skriftleg og muntleg Personlege eigenskapar

• Du er fagleg engasjert og bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø • Du har gode formidlingsevner • Du er strukturert, målretta og løysingsorientert • Du har gode samarbeidsevner og forståing for tverrfagleg arbeid • Du har evne til omstilling og vilje til fagleg utvikling og nytenking Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr

• Ei spennande og meiningsfylt stilling i eit spennande fagmiljø • Eit inkluderande arbeidsmiljø • Sterkt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling og med andre avdelingar på sjukehuset • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Kontaktinformasjon Marit Sivertsen, Seksjonsleiar, marit.sivertsen@helse-mr.no

Arbeidsstad Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5189497704

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.11.2026