Workfinder

OPK-FV - Administrasjon, Vestland fylkeskommune

Studiekoordinator

BergenHeltid, Fast, FastFrist 30. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Med om lag 2200 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette.

Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.

Arbeidsoppgåver Fagskulen Vestland søker etter to nye medarbeidarar i 100 % faste stilling som studiekoordinatorar ved studiestadene i Bergen. Vi ser etter deg som har studieadministrativ erfaring, og som arbeidar sjølvstendig og systematisk med oppgåvene. Personane som blir tilsett skal gje administrativ støtte til utdanningsleiarar knytt til drift av utdanningane, og bidra til god kvalitet i oppfølging av studentane. Stillingane er ein del av administrasjonen med 16 medarbeidarar.

Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorskKvalifikasjonar

• relevant høgare utdanning på masternivå (lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning) • relevant arbeidserfaring • kjennskap til studieadministrative system, LMS og liknande er ein føremon • god erfaring frå saksbehandling og god forståing for forvaltningsprosessar, regelverk og krav til kvalitet og dokumentasjon er ein føremon • gode IKT kunnskapar • god skriftleg framstillingsevne Personlege eigenskapar

• har gode samarbeidsevner • er initiativrik og sjølvstendig • trivst med utfordringar • nøyaktig og systematisk Vi tilbyr Hos oss får du:

  • •ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
  • •ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • •gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • •løn etter avtale
  • •gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon Hege Aarethun, administrasjonsleiar, +47 99509287

Arbeidsstad Haugeveien 28

5005 Bergen

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5194842269

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.10.2026