Kommunalområde Samfunn, Plan og bygning
GIS-ingeniør/GIS-rådgjevar
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Ålesund
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 15. november
- Lønn ikke oppgitt
I stillinga som GIS-ingeniør/GIS-rådgjevar vil du vere ein del av avdeling oppmåling og geodata. For Ålesund kommune er avdelinga ein viktig bidragsytar til nødvendige kart og digitale tenester som er avgjerande for mange andre tenester kommunen tilbyr. Avdelinga har blant anna ansvar for forvaltning og drift av kommunens kart- og arealplandatabasar, føring av bygningsinformasjon i matrikkelen, gjennomføring av oppmålingsforretningar, eigedomsskatt og leveranser av eigedomsinformasjon. Avdelinga har i dag 16 tilsette med kontorplass på rådhuset i Ålesund. Det vil vere kontorplass for denne stillinga saman med resten av avdelinga. Avdelinga er organisert under verksemd for plan og bygning.
Vi treng fleire ressursar og skal tilsette 1 person i 100 % fast stilling. Den som blir tilsett i stillinga vil også bli involvert i ulike kartrelaterte arbeidsoppgåver knytt til arbeidet med kommuneplanens arealdel.
Arbeidsoppgåver
• Forvaltning og ajourhold av data i kart-, plan og temakartdatabaser. • Utarbeidelse av ulike kart, blant anna plankart og temakart for ulike bruksområder. • Oppsett, gjennomføring og presentasjon av analyser mot geografiske data (GIS-analyser). • Oppsett av kartdatabaser evt. webkartservere og webbaserte kartportalar. Kvalifikasjonar
• Høgare utdanning på minimum bachelor-nivå innan relevante fag, fortrinnsvis innan faga GIS/Geomatikk. Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanning. • Kunnskap og/eller erfaring med forvaltning av data i kart-, tema- og plandatabaser. • Erfaring med til dømes webbaserte kartportalar, opensource løysingar, PostGIS, Postgresql, SQL, Geoserver eller liknande løysingar vil vere ein fordel. • Kjennskap til GIS-verktøy som QGIS eller ISY GIS vil vere ein fordel (kommunen nyttar dette i dag). • Kjennskap til bruk av dronedata vil vere ein fordel. • Kjennskap til offentlege arkiv og matrikkelen er ein fordel. • Det vil også vere ein fordel om du er godkjent matrikkelførar og har førarkort klasse B, men dette er ikkje eit absolutt krav. • God norskkunnskap både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar
• Evne til å arbeide sjølvstendig og i team med kollegaer. • Evne til å arbeide systematisk, analytisk og strukturert. • Fleksbilitet og løysingsorientert. • Interesse og vilje til å ta i bruk og utvikle nye arbeidsverktøy/-metodar. Vi tilbyr
• Moglegheit til å påverke morgondagens samfunn. • Spanande og meiningsfylte oppgåver. • Eit godt tverrfagleg miljø. • Utviklingsmoglegheiter. • Lønn etter avtale. • Fleksibel arbeidstidsordning. • Kommunale tilsettingsvilkår med pensjonsordning og personalforsikring. Kontaktinformasjon Silja Øvrelid, Verksemdsleiar, Silja.Ovrelid@alesund.kommune.no
Arbeidsstad Keiser Wilhelms gate 11
6003 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn