Møre og Romsdal fylkeskommune
Prosjektleiar vegprosjekt
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Kristiansund N
- Heltid, Annet
- Frist 9. november
- Lønn ikke oppgitt
Prosjektleiar vegprosjekt Prosjekt veginvestering, Møre og Romsdal fylkeskommune
Vi søker etter prosjektleiar for fleire spanande vegprosjekt i fylket
Møre og Romsdal fylkeskommune har mange vegprosjekt i porteføljen dei komande åra. Alt frå mindre vedlikehaldsoppdrag til bygging av større vegprosjekt. Blant anna planlegg vi byggestart på Årødalskrysset, Bypakke Kristiansund og fleire rassikringsprosjekt dei komande åra. I tillegg er det mange spanande prosjekt i planleggingsfasen.
Du kan sjølv velje mellom kontorstad i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Du må rekne med noko reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.
Som prosjektleiar vil du leie i ein prosjektorganisasjon med mellom anna byggeleiarar, kontrollingeniørar og fagressursar. Prosjektleiar styrer på porteføljenivå og byggeleiarar følger opp enkeltprosjekt i prosjekterings- og byggefasen.
Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane. Vegprosjektseksjonen har i dag 50 tilsette med kompetanse innanfor prosjektleiing, byggeleiing, HMS, økonomi og prosjektering. Inkludert i desse er byggherreorganisasjonen knytt til Bypakke Ålesund, Veginvestering, Fv. 60 Tomasgard – Røyrhus, tunneloppgradering og ei rekkje bruer og ferjekaier.
Arbeidsoppgåver Som prosjektleiar vil du:
• Styre ei prosjektportefølje med prosjekt av ulik størrelse og kompleksitet • Leie prosjekt gjennom alle fasar frå planlegging og prosjektering til gjennomføring og overlevering. • Ha ansvar for å levere prosjekt innanfor definerte mål for HMS, økonomi, framdrift og kvalitet. • Ha personalansvar for byggherreorganisasjonen din. Leie og motivere dei og sørge for effektiv kommunikasjon og kunnskapsdeling. • Rapportere til prosjektsjef og bistå i styringa av seksjonen. Kvalifikasjonar
• Bachelor- eller mastergrad innan ingeniørfag • Omfattande og relevant erfaring innafor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning • Erfaring i gjennomføring av prosjekt innan anlegg, veg eller bygg • Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar er ein fordel • God kjennskap til digitale verktøy • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar
• Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar. • Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg • Du er utviklings- og løysningsorientert • Du er ein lagbyggar med gode leiareigenskapar Vi tilbyr
• Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring • Løn etter avtale Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.