Workfinder

Voss sjukehus/ Medisinsk seksjon, Helse Bergen HF

Ynskjer du jobb som pleieassistent?Søk jobb hjå oss då vel!

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Voss sjukehus har ledig 20% fast stilling som pleieassistent i medisinsk seksjon, sengepost. Me søkjer deg som har relevant erfaring innan helse. Dersom du til dømes er sjukepleiarstudent vil ei slik stilling gje deg erfaringar som du vil dra nytte av i utdanninga og inn i arbeidslivet. Lat ikkje denne moglegheita gå ifrå deg!!! Medisinsk seksjon består av sengepost, poliklinikkar og dialyseavdeling. Som pleieassistent på sengepost vil du bli ein del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Her vil du samarbeida med ulike profesjonar som helsefagarbeidar, sjukepleiar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og anna helsepersonell. Oppstart snarast eller etter avtale.

Arbeidsoppgåver

• Pleie og oppfølging av pasientar med genrelle indremedisinske diagnosar • Førefallande arbeid i avdelinga Kvalifikasjonar

• Relevant erfaring. Fortrinnsvis sjukepleiar, vernepleiar eller medisinstudent • Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon Personlege eigenskapar

• Vere ein god teamarbeidar • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø • Like verierte utfordringar • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ynskjer å videreutvikle kompetansen din Vi tilbyr

  • •Lærerik og spennande jobb i aktivt miljø
  • •Meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
  • •Løn etter gjeldande overinskomst

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Sissel Marie Finne, Ass seksjonsleiar, 95899553

Arbeidsstad Sjukehusvegen 16

5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5195667401

Stillingsprosent: 20%

Fast

Startdato: 01.12.2026

Søknadsfrist: 30.10.2026