Workfinder

Øyane DPS/ psykose døgnbehandling, Helse Bergen HF

Psykolog

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Ønsker du å vere ein del av eit sterkt fagmiljø på ein døgnseksjon der pasientbehandling står i sentrum?

Ved psykose døgnbehandling på Øyane DPS har vi ledig 100% fast stilling som psykolog. Oppfordrar også psykologspesialistar til å søke.

Seksjonen er ein open døgnseksjon med fokus på rehabilitering av pasientar med psykoselidingar. Seksjonen har 8 sengeplassar. Personalgruppa er tverrfagleg og består av psykiater, psykolog, LIS-lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, helsefagarbeidar, miljøterapeutar og assistentar. Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid internt og har tett samarbeid med psykose poliklinikk/FACT, samt andre samarbeidspartnarar for å skape gode rammer for pasienten og bidra til å auke meistring og livskvalitet. I behandling har vi fokus på psykologisk behandling, miljøterapi og medikamentelle tiltak. Ernæring, musikkterapi og fysisk aktivitet er også vesentlege element i behandlinga.

Øyane DPS er eit av tre DPS ved Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken flytta inn i nye lokale i 2011 og er lokalisert i naturskjønne omgivnadar på Straume i Øygarden kommune, om lag 15 min køyring fra Bergen sentrum. Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 51 000 innbyggarar over 18 år. Kommunane er i rask vekst og vi har god kontakt med primærhelsetenesta og fleire samhandlingsprosjekt som er under arbeid.

Øyane DPS består av: * Allmennpsykiatrisk poliklinikk med eige akutteam og MBT team * Allmenn døgnseksjon med 8 senger * Psykose døgnseksjon med 8 senger * Psykosepoliklinikken/FACT tilbyr behandling til menneske med psykoseliding eller mistanke om psykose.

Er du ein psykolog (psykologspesialist) som er opptatt av å gi god kvalitet i pasientarbeidet, har engasjement for pasientar med psykiske lidingar og liker å jobbe saman med kollegaer til å skape eit trygt og utviklande arbeidsmiljø? Då håper vi du vil søke på denne stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • •Utgreiing, fastsetting av diagnose og behandling av tilviste pasientar
  • •Langtidsbehandling av pasientar
  • •Spesialistfagleg ansvar
  • •Oppgåver tilknytta tvang
  • •Undervising og rettleiing av utdanningskandidatar
  • •Arbeid i tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

• Spesialist i klinisk psykologi, evt erfarne psykologar er også aktuelle • Norsk autorisasjon • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg • Ønskeleg med erfaring frå psykose • Ønskeleg med erfaring med oppfølging knytt til tvunget psykisk helsevern Personlege eigenskapar

• Du er engasjert og løysingsorientert • Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig • Du liker å jobbe tverrfagleg internt på egen seksjon og med samarbeidspartnarar • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø • Personleg egnaheit vektleggast Vi tilbyr

  • •Ein spennande stilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
  • •Muligheten til å forme stillingen og arbeidsoppgåver
  • •Løn etter avtale
  • •Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering. Kontaktinformasjon Benedicte Skagen Tiset, Seksjonsleiar, 56326669

Arbeidsstad Blombakkane 75

5354 Straume

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5195915929

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.10.2026