Ei av forlagsbransjens mest spennande stillingar er ledig
Forlagssjef til Samlaget
Vi jaktar på ny forlagssjef til Samlaget. Dette er ei stilling som krev solid erfaring med tekstarbeid, brei kunnskap om forleggjarfaget og eit brennande engasjement for nynorsk språk.
Vi ser etter ein god generalist på forleggjarfeltet, som er van med å balansere «børs og katedral». Stillinga krev eit marknadsorientert blikk og forretningsteft, og samstundes må forlagssjefen ha vilje og evne til å jobbe tett med nokre av landets fremste forfattarar med fokus på det litterære. Vedkommande må vere glad i å bruke og utvikle nettverket for å hente inn prosjekt og rekruttere forfattarar.
Forlagssjefen er leiar for redaksjonen med ansvar for det redaksjonelle arbeidet og har personalansvar for tolv tilsette i avdelinga. Stillinga har budsjett- og resultatansvar for redaksjonen, og forlagssjefen står for den daglege leiinga av avdelinga. Stillinga rapporterer til forlagsdirektøren og inngår i leiargruppa.
Arbeidsoppgåver Den viktigaste oppgåva til forlagssjefen blir å hente inn nye prosjekt, rekruttere forfattarar og etablere ein struktur for kontinuerleg idéutvikling. Vedkommande må derfor forstå marknaden og utviklinga i lese- og kjøpevanane til folk.
Det er venta at forlagssjefen gjennom leiargruppa deltek aktivt i den langsiktige utviklinga av forlaget, med særskilt ansvar for den redaksjonelle utviklinga. Andre oppgåver
- •gjennomføring av den overordna planen med vekt på dei redaksjonelle prioriteringane
- •saman med marknadssjefen budsjettere og setje salsmål for enkelttitlar
Vi ser for oss at relevante kandidatar har
• solid forståing for det nynorske språkprosjektet og den nynorske kulturhistoria • solid innsikt i forleggarfaget med utgivaransvar, ytringsfridom og etikk • leiarerfaring og evne til å skape samhald og godt samarbeid i kvardagen • forståing for utfordringane i bransjen og den særeigne posisjonen til litteraturen i samfunnet Vi kan tilby
• lønn etter avtale • konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar • eit triveleg arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer • moderne kontorlokale i Oslo sentrum • leilegheit i Roma Kontaktinformasjon Gro Møllerstad, Seniorrådgiver, +47 91559752, gro.mollerstad@habberstad.no
Arbeidssted Mariboes gate 13
0183 Oslo
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Privat sektor
