Medisinsk klinikk/ Seksjon for geriatri, Helse Bergen HF
Overlege i geriatri ved Seksjon for geriatri
Medisinsk klinikk, Haukeland universitetssjukehus har ledig to faste 100% stillingar for overlege i geriatri ved seksjon for Geriatri. Vi oppfordrar med dette aktuelle kandidatar til å søke. Oppstart 1. mars 2027, eller etter avtale.
Geriatrisk seksjon vart etablert i september 2025. Vi har 8 akuttgeriatriske senger på sengepost for akuttgeriatri og infeksjon, eit ortogeriatrisk tilbod (50% OVL) på Seksjon for Hoftebrot, tilsynsteneste på sjukehuset, telefonisk rådgivingsteneste for eksterne og poliklinisk aktivitet i utvikling. Vi bidreg til fagleg utvikling i heile organisasjonen og til undervisning internt og på tilhøyrande utdanningsinstitutasjonar. Vi har ei viktig rolle i utviklinga av den moderne helsetenesten tilpassa den eldre pasient, og helsetenesteutvikling på tvers av klinikkar er ein viktig del av vår aktivitet. Vi arbeider også med å etablere eigne forskningsprosjekt, med hovedvekt på tverrfagleg forskning som omhandlar riktig behandlingsnivå og optimal, heilheitleg behandling av eldre pasientar som skal gjennom avansert behandling.
Medisinsk klinikk har også einingar for infeksjonssjukdommar, blodsjukdommar, nyresjukdommar, hormonsjukdommar og fordøyingssjukdommar.
Vi søker deg som ønskjer å delta i vidareutviklinga av det geriatriske tilbodet på Haukeland Universitetssjukehus. Vi vil ha deg som er fagleg interessert, som set pris på utvikling og endring og som trivast med å ta på deg ansvar og å ta initiativ i arbeidet. Vi vil ha deg som også ønskjer å formidle og drive fagutvikling. Vi verdsett også høgt interesse for og erfaring med forskning.
Det overordna målet til geriatrisk seksjon er bidra til heilheitleg, persontilpassa behandling av eldre pasientar med hovedfokus på å gjenopprette og behalde funksjon.
Dette er ei unik moglegheit til å arbeide ved eit av landets fremste universitetssjukehus, med stor fagleg breidde, høg forskingsaktivitet og eit sterkt tverrfagleg miljø.
Arbeidsoppgåver
• Deltaking i Medisinsk klinikk og Geriatrisk seksjon sine ulike aktivitetar • Delta i Geriatrisk seksjon si bakvaktsordning • Delta i rettleiing og undervisning for legar i spesialisering, andre faggrupper og legestudentar • Delta i kvalitetsforbetringsarbeid og forsking • Delta i vidareutviklinga av seksjonen Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som lege • Spesialist i geriatri eller under spesialisering i geriatri • Erfaring frå sjukehus og/eller tverrfagleg geriatrisk arbeid • Meistre norsk munnleg og skriftleg særs godt Personlege eigenskapar
• Interesse for fagutvikling, interdisiplinært samarbeid, kvalitetsutvikling og helsetenesteutvikling • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Evne til å og ønskje om å jobbe tett med andre faggrupper (tverrfagleg arbeid) • Fagleg engasjert og opptatt av kvalitet i pasientbehandling • Løysingsorientert og fleksibel • Stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide fleksibelt, strukturert og målretta • Interesse for og/eller erfaring med forskning og forbetringsarbeid Vi tilbyr
- •Eit godt arbeidsmiljø
- •Ein spennande moglegheit til å forme og vidareutvikle ein ny seksjon
- •Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- •Fast stilling og lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Alme Katinka Nordheim, Seksjonsleder/Overlege, 41519875, katinka.nordheim.alme@helse-bergen.no
Arbeidsstad Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
