Workfinder

Øystre Slidre kommune

Kjøkkenassistent og vikar i Beito barnehage

HeggenesDeltid, Engasjement, Engasjement

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Beito barnehage er bygd i 2005 og har lyse lokalar utforma med større og mindre rom. Barnehagen har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar. Barnehagen ligg plassert i eit roleg område, tett inntil skog og vatn. Vi har eit stort uteområde med naturtomt, der barna kan leike variert, utforske naturen og utfordre seg sjølv. I barnehagen møter du eit godt kvalifisert personale som har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving til barn sitt beste. Fleksibilitet, tillit, humor og glede bidreg til eit godt arbeidsmiljø i barnehagen.

Øystre Slidre kommune har fått tilskott til "toppa bemanning" i barnehagen, og vi ønskjer å bruke tilskottet til å tilsetje ein kjøkkenassistent for barnehageåret 2026/2027. Stillinga er ledig frå dags dato og varer til og med 10.08.27. Stillinga er på 24% og har arbeidstid 3 timar 3 dagar i veka. Arbeidstida er ved lunsjtid.

Stillinga kan kombinerast med vikartimar på avdeling.

Arbeidsoppgåver • Planlegge og tilbrede enkle måltid, i hovudsak lunsj • Vaske og rydde opp etter måltid • Andre oppgåver kan vere aktuelle, med bakgrunn i erfaring og kompetanse til den som blir tilsett • Vikartimar på avdeling kan vere aktuelt Kvalifikasjonar • Vi stiller ingen formelle utdanningskrav, og vi søkjer deg som har interesse for matlaging, kan lage enkle måltid og har interesse for å jobbe med barn • Om du har vore utanfor arbeidslivet ei periode, er du velkommen til å søke • Du må ha grunnleggande norskkunnskapar og forstå beskjedar som blir gitt • Det er krav om politiattest etter barnehagelova §30 • Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar i tilsettinga Personlege eigenskapar • Kunne samarbeide med og skape gode relasjonar til barn og vaksne i barnehagen • Vere påliteleg og pliktoppfyllande • Vere fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver • Ha humor og glede i arbeidskvardagen Vi tilbyr • Eit godt arbeidsmiljø der du er ønska i stillinga • Lønn etter kommunal tariff Kontaktinformasjon Dagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, +47 99500955

Arbeidsstad Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5184957191

Stillingsprosent: 24, 0%

Engasjement, Vikar

Søknadsfrist: 15.10.2026