Workfinder

Rotevatn Trafikkskule As

Trafikklærar

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Er du er ein ansvarleg og engasjert trafikklærar som likar å samarbeide med andre? Er du opptatt av å skape eit godt og trygt læringsmiljø i klasserom og praktisk undervisning? Er du sjølvstendig, løysingsorientert og utviklingsorientert, både på eiga hand og i samarbeid med andre?

Om du svarar ja på desse spørsmåla har vi plass til deg i staben vår. Vi søker no etter trafikklærar for klasse TGK, A1, A, B og BE, med hovudfokus på undervisning i klasse B. Du vil få ansvar for å både planlegge og gjennomføre kurs- og undervisningsopplegg som inngår i skulen sitt opplæringstilbod, særleg i klassane TGK og B, men også BE. Du vil i utgangspunktet ha Ulsteinvik som arbeidsområde.

Vi tilbyr ein spanande, utviklande og variert jobb i eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling. Du får vere ein del av ei faggruppe med lang og variert erfaring innan trafikkopplæring. Trafikkskulen er også representert i regionale og nasjonale faggrupper for MC, og har eit godt nettverk for erfaringsutveksling og kompetansebygging.

Du må ha trafikklærarutdanning frå Statens Trafikklærerskole/HINT.

Vi tilbyr gode vilkår, aktuelle kurs for eigenutvikling, OTP og gode lønnsvilkår.

Søknad med CV kan sendast per e-post til dagleg leiar Kjell Erik Rotevatn, kjell.erik.rotevatn@gmail.com