Workfinder

Eining for velferd, Nissedal kommune

Avdelingsleiar heimebaserte tenester

TreungenHeltid, Fast, Fast

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vil du vere med og utvikle framtidas helse- og omsorgstenester? Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert avdelingsleiar til våre heimebaserte tenester. Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre gode, trygge og framtidsretta tenester til innbyggjarane våre. Du vil leie dyktige medarbeidarar og vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av tenesteområdet. Heimebaserte tenester består av heimesjukepleia, drift av korttidsavdelinga og KAD plass samt heimehjelp.

Arbeidsoppgåver Fagleg, personalmessig og økonomisk ansvar for avdelinga Leie og vidareutvikle medarbeidarar og arbeidsmiljø Sikre kvalitet, fagutvikling og god ressursutnytting Bidra til innovasjon og utvikling av heimebaserte tenester Samarbeide tett med brukarar, pårørande og aktuelle samarbeidspartnarar Delta i leiargruppa og bidra til heilskapleg tenesteutviklingKvalifikasjonar Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag Leiarerfaring frå heimebaserte tenester er ønskjeleg God innsikt i offentleg forvaltning og gjeldande lovverk Gode digitale ferdigheiter God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskPersonlege eigenskapar Vi ser etter deg som: Er ein tydeleg og inkluderande leiar Har evne til å motivere og skape engasjement Er strukturert og handterer ein travel kvardag godt Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Er løysingsorientert og utviklingsretta Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr Ei spennande og meiningsfull leiarstilling Moglegheit til å påverke og utvikle framtidas tenester Eit godt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar Gode pensjons- og forsikringsordningar Vil du vere med og gjere ein forskjell for innbyggjarane våre? Då ønskjer vi å høyre frå deg. Kontaktinformasjon Hannelore Karlsen, Kommunalsjef velferd, +47 92462619, hannelore.karlsen@nissedal.kommune.no

Arbeidsstad Treungvegen 398

3855 Treungen

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5180564865

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.10.2026