Workfinder

Rogaland fylkeskommune

Vikariat som koordinator/rådgjevar

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

100 % vikariat som koordinator/rådgjevar for opplæringa Ølen vgs leverer i Haugaland fengsel avd. Sandeid Frå 1. februar 2027 til 31. januar 2028 er det ledig stilling som koordinator/rådgjevar. I stillinga inngår rådgjeving, veiledning, budsjettkontroll, dagleg drift og samarbeid med kriminalomsorga. Arbeid med drift av matvogn er og tillagt stillinga. Det inngår ikkje personalansvar i stillinga. Den som vert tilsett må ha evne til å motivere innsette til å ta utdanning, fullføre grunnskule og vidaregåande skule. Krav til stillinga:

• Relevant utdanning innan undervisning og/eller rådgjevning • Godkjend pedagogisk utdanning • Godkjend utvida politiattest • Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt Me søkjer deg som:

• Tek initiativ overfor elevar, tilsette, skuleleiinga og fengselsleiinga • Har gode relasjonelle og kommunikative ferdigheiter • Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert • Har gode samarbeidsevner, er samlande, tydeleg og har godt humør • Er fleksibel og trivst med ein variert og hektisk arbeidskvardag Me tilbyr:

  • •Moglegheiter til å vidareutvikle tilbodet skulen gir i fengselet
  • •Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • •Gode høve for fagleg utvikling
  • •Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • •Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • •Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk

Korleis søkje: Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto. CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov. Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.