Workfinder

Grindhaug skole*, Karmøy kommune

Undervisningsinspektør

ÅkrehamnHeltid, Fast, FastFrist 29. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vil du være med og utvikle ein skole der elevane opplever meistring, tryggleik og lærelyst? Grindhaug skole ligg på Åkra på vestsida av Karmøy og har dette året 339 elevar og nær 50 tilsette. Administrasjonen består av rektor, inspektørar og administrasjonskonsulent. På Grindhaug har me fokus på eit trygt og godt læringsmiljø for elevane våre. Me har også eit godt arbeidsmiljø. Me er stolte av skolen vår, og som me syng i skolesongen vår: «Me får det te , her vil me læra. På Grindhaug skule eʹ det godt å vera." Frå 1.januar 2027 har me ledig ei stilling som undervisningsinspektør. Stillinga er fordelt med 40 % leiing og 60 % undervisning. Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert undervisningsinspektør som set elevane sitt læringsmiljø i sentrum. Du har erfaring med eller interesse for å skapa eit trygt, inkluderande og godt skolemiljø, og du trivst med å kombinera pedagogisk leiing og undervisning. Som undervisningsinspektør er du ein del at leiarteamet ved skolen og du vil bidra både i den daglege drifta og i det langsiktige utviklingsarbeidet ved skolen.

Arbeidsoppgaver

• delta i pedagogisk og administrativ leiing av skolen • utarbeiding og oppfølging av skolen sine planar og faglege resultat og undersøkingar • delta i utviklingsgruppa på skolen • ansvar for timeplanar og timeplanlegging • vikarsetting • anna administrativt arbeid etter avtale med rektor Kvalifikasjoner

• godkjent undervisningskompetanse for barnetrinnet • undervisningserfaring frå grunnskole • gode leiar egenskaper, ønskjeleg med leiarerfaring • har, eller ønskjer å ta leiarutdanning • god munnleg og skriftleg framstillingsevne • god digital kompetanse Personlige egenskaper

• du er opptatt av elevane si læring og har eit inkluderande og positivt elevsyn • evne til motivere og inspirere personalet til å trekkje i felles retning mot felles mål • god evne til samarbeid • godt humør, positiv og fleksibel og løysningsorientert • evne til å byggje gode relasjoner Personlege kvalifikasjonar vil bli vektlagt Vi tilbyr

  • •ei spennande og meiningsfull leiarstilling
  • •godt arbeidsmiljø og kollegaer som brenn for pedagogisk utviklingsarbeid
  • •gode pensjons- og forsikringsordninger
  • •lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk

Det er krav om gyldig politiattest for alle som skal arbeide i skole Kontaktinformasjon Hege Mæhle, Rektor, 52811767, hme02@karmoy.kommune.no

Arbeidssted Nyevegen 1

4270 Åkrehamn

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Karmøy kommune

Referansenr.: 5195066480

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.10.2026