Workfinder

Helse Bergen HF

Helsesekretær og sekretær - faste stillingar

BergenHeltid, Fast, FastFrist 25. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar. Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.

Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane:

  • •Lungeavdelinga
  • •Ortopedisk avdeling
  • •Øyane DPS

Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.

Arbeidsoppgåver Lungeavdelinga Vil du vere med og utvikle framtidas helsesekretærrolle på Lunge sengepost? Lungeavdelinga er blant dei største lungemedisinske einingane i landet med totalt 38 sengeplassar og nær 30 000 polikliniske konsultasjonar årleg. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med pasient- og pårørandekontakt, tett samarbeid på tvers av faggrupper og ansvar for viktige arbeidsprosessar. Ved Lungeavdelinga blir du ein del av ei kontorfagleg gruppe med 11 dyktige medarbeidarar som spelar ei sentral rolle i den daglege drifta. Vi ser no etter ein ny kollega i 100% fast stilling til ein av sengepostane våre. Vi ser etter deg som trivst i ein hektisk arbeidskvardag, og som evnar å prioritere det som hastar mest. Du er strukturert, komfortabel med bruk av IKT-system og samarbeider godt med andre. Samstundes bidreg du til eit positivt arbeidsmiljø og ønskjer å gjere ein forskjell for både pasientar og kollegaer.

Vi er på veg inn i ei spennande utvikling der helsesekretærane får fleire pasientnære og faglege oppgåver. Allereie i dag tar helsesekretærane blodprøvar av innlagde pasientar. Arbeidsoppgåvene i dag omfattar mellom anna telefonbetening, bestilling av varer og tenester, samt pasientadministrasjon i fleire IKT-system. For den rette kandidaten gir stillinga gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling i eit framtidsretta arbeidsmiljø. Vi ønskjer særleg autoriserte helsesekretærar velkomne som søkjarar. Er du vår nye kollega? Då håpar vi du søkjer hos oss på Lungeavdelinga! Kontakt: Kirsten Nøttingnes, tlf. 900 82 756.

Ortopedisk avdeling Vil du bli ein del av eit av Noregs største og mest spennande ortopediske fagmiljø? Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus er ein del av Ortopedisk klinikk og behandlar årleg om lag 5 000 inneliggande pasientar, 1 200 dagkirurgiske pasientar og gjennomfører over 20 000 polikliniske konsultasjonar. Avdelinga har eit høgt aktivitetsnivå og handterer ein stor del øyeblikkeleg hjelp. Vi er ein viktig del av pasientforløpet og har eit godt tverrfagleg samarbeid på tvers av faggrupper. Ved avdelinga arbeider det i dag 19 sekretærar fordelt på fleire einingar i Sentralblokka. Vi har no ledig 100% fast stilling som helsesekretær/medisinsk sekretær ved poliklinikken. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og spennande arbeidsoppgåver. Vi ser etter deg som er positiv, engasjert og serviceinnstilt, og som trivst i ein aktiv arbeidskvardag. Den som blir tilsett må vere innstilt på å bidra med ulike sekretæroppgåver ved avdelinga etter behov. Ønskeleg med snarleg oppstart. Kontakt: Paula Carolina Sætre tlf. 911 87 569. Kvalifikasjonar (overskrift) Øyane DPS Serviceseksjonen ved Øyane DPS søker ny medarbeidar. Sidan seksjonen vår er liten, må ein vera innstilt på å læra seg/arbeide med alle kontorfaglege oppgåver som kjem vår veg. Vi ønsker å ta godt imot pasientane på telefon og i luke, vi har sentrale oppgåver knytta til kvalitet og pasientsikkerheit. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Vi ønsker deg som bidrar godt i arbeidsmiljøet, beheld roen når det kokar, elsker DIPS, og er løysingsorientert. Vi gler oss til å lesa din søknad! Kontakt: Sigrid-Marie Mikkelsen, tlf. 56326641.

Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling

  • •Pasientadministrative oppgåver
  • •Telefon/resepsjonsteneste
  • •Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
  • •Økonomisk oppgjer
  • •Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
  • •Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr

Kvalifikasjonar

  • •Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
  • •Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
  • •Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
  • •Du må ha gode IKT-kunnskapar
  • •Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
  • •Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • •Gode samarbeidsevner
  • •Nøyaktigheit
  • •Serviceinnstilling
  • •Fleksibel og evne til å ta utfordringar
  • •Kunne arbeide sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

  • •Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • •Fagleg og personleg utvikling
  • •Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse Kontaktinformasjon Sjå kontaktperson , oppgitt for den enkelte avdelinga

Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar Bemanningssenteret, cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.no

Arbeidsstad Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5191160448

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.10.2026