Workfinder

Gulen kommune

Barne- og ungdomsarbeidar/tilsvarande, i inntil 100% vikariat

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Om stillinga Byrknes barnehage og skule har frå snarast/etter avtale til medio august 2027 ledig i inntil 100% vikarstilling som barne- og ungdomsarbeidar/eller tilsvarande. Stillinga er i utgangspunktet tenkt å vere knytt til arbeidsoppgåver i barnehage, men andre oppgåver ved eininga kan vere aktuelt ved behov (SFO/skule). Byrknes barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdeling. Klikk deg inn her for å lese meir om barnehagen ved eininga, og her for meir informasjon om skulen/SFO.

Arbeidsoppgåver

  • •Medverke til at einiga er ei god pedagogisk verksemd
  • •Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
  • •Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
  • •Andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar

  • •Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande relevant kompetanse. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan vi vurdere søkjarar utan godkjend utdanning
  • •Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • •Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram gyldig politiattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • •Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med barna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • •Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både barn og vaksne
  • •Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med barna
  • •Fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • •Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • •Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • •Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • •For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • •Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • •Løn etter tariff