Bu og aktivitetstenesta, Sula kommune
Geilneset har ledige nattevaktstillingar.
Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med menneske og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagane. Kanskje er du vår nye kollega? Vi skal styrke vår faglege kompetanse og søkjer engasjerte, dyktige og robuste medarbeidarar- og søkjer deg med autorisasjon som helsefagarbeidar.
Som tilsett i Bu- og aktivitetstenesta har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar. I vår eining får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar og arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring.
Vi har ledig
Geilneset 11: 1x 84% fast nattevaktstilling som autorisert helsefagarbeidar. Stillinga er ledig frå snarast. 1x 84 % vikariat på natt som autorisert helsefagarbeidar. Ledig frå snarast og til og med 22.08.27.
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.
Geilneset 11 er ei avdeling som gir heildøgnstilbod til menneske med samansette funksjonsvariasjonar i bustadar for vaksne. Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Arbeidstida er lagt til ein fast turnus på natt med 10,5- timarsvakter og arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
• Arbeidet består i personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål. • Ha evne til å sjå alle som individuelle menneske og fremje den enkelte sine ressursar. • Det vert vektlagt personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere uførutsette situasjonar. • Medikamenthandtering og oppfølging av medisinske prosedyrar • Dagleg dokumentasjon og journalføring. • Yte fagleg forsvarleg tenester til det beste for bebuarane i tråd med kommunen sitt arbeid og tilsetjingsreglement, mål og verdiar • Sikre ro, tryggleik og eit godt fysisk og psykososialt miljø gjennom natta. Kvalifikasjonar
• Vi søkjer personar med gyldig autorisasjon som helsefagarbeidar. • Erfaring frå liknande arbeid er føretrekt. • Kjennskap til og erfaring frå arbeid med personar med samensatt problematikk. • Målretta miljøarbeid med oppfølging og evaluering av tiltaksplan. • Datakunnskap. • Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg. • Krav om førarkort klasse B. • Politiattest. • Oppgje referanse. Personlege eigenskapar
• Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med menneske. • Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team. • Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tole stress. • Arbeide systematisk etter rutinar. • Bidra til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving. • Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vi tilbyr
- •Eit positivt og engasjert fagmiljø.
- •Kompetanseheving og fagleg utvikling.
- •Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
- •Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
- •20 års ansiennitetsstige
- •God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.
- •Lokalt tillegg for helsepersonell. Kr 6500 for helse- og/eller sosialfagleg utdanning, kr 5000 for helsefagarbeidar ( justerast etter stillingsprosent).
- •Lokalt tillegg for arbeid på helg. Sjukepleiar/ vernepleiar kr 8000 pr. år, andre kr 4000 pr. år.
Kontaktinformasjon Camilla Vee, Einingsleiar, +47 95710251, camilla.vee@sula.kommune.no
Charlotte Vik, Avdelingsleiar, 95710246, charlotte.vik@sula.kommune.no
Arbeidsstad Geilneset 11
6030 Langevåg
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sula kommune
