Alver kommune
Brannkonstabel - fast 2,42% (deltid) Kaland depot
Om stillinga Me har ledig ein fast stilling som brannkonstabel med funksjon som sjåfør og røykdykkar knytt til Kaland depot. Stillinga inngår i ein vaktturnus med vakt kvar femte veke. Vaktperioden strekkjer seg frå kl. 15.30 til 08.00 på kvardagar, og frå fredag kl. 15.30 til måndag kl. 08.00 i helgene. Vaktplikta gjeld også på heilagdagar. Stillinga har ein storleik på 2,42%. Ein må pårekne arbeid utover dette, avhengig av oppdragsmengd.
Om oss
- •Nordhordland brann og redning (NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149km2, med 34 000 innbyggjarar.
- •Nordhordland brann og redning (NHBR) er organisert med tre einingar: Operativ, feiing og bustadtilsyn og førebyggjande eining.
- •Opeativ eining er fordelt på fem brannstasjonar - Knarvik, Lindås, Manger, Mastrevik og Modalen, og to depot på Kaland og Øvre Helland. Alle stasjonar er bemanna av brannkonstablar som jobbar deltid, og Knarvik har i tillegg dagkassernering.
Arbeidsoppgåver
- •Vere ein del av deltidsstyrken i NHBR, med fast vakt kvar 5. veke
- •Operative oppgåver/utrykkingar
- •Røykdykke
- •Sjåfør brannbil kl. C
- •Systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse
- •Bidra til vedlikehald av bilar og operativt utstyr
- •Bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
- •Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga
Kvalifikasjonskrav
• Fullført og bestått aspirantkurs internt i NHBR • Bestått fysisk test i samsvar med forskrift (årleg krav) • Godkjent helsekontroll • Politiattest - I tråd med brann- og eksplosjonsvernloven § 18 vert det stilt krav om uttømmande politiattest før tiltreding • Bustad maks 10 minutt frå Kaland depot • Fysisk og psykisk skikka til stillinga • Førarkort klasse C • Beherske norsk muntleg og skriftleg Ønskjeleg kompetanse
- •Grunnutdanning som brannkonstabel ved Norges Brannskole
- •Erfaring frå beredskapsarbeid
- •Kode 160 (utrykkingskøyring)
- •Båtførarprov
Kven er du?
• Vi ser etter deg som er motivert, pålitelig og har god rolleforståing. • Du opptrèr roleg i stressande situasjonar og har god evne til å prioritere. • Har forståing for risiko med køyring, samt behovet for vedlikehald av tungbil. • Det er viktig for oss at du både arbeider godt sjølvstendig og er ein god og tillitsvekkjande lagspelar. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr
- •Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkrèt skilnad i livet til ein person / livet til mange.
- •Oppfølging og rettleiing.
- •Moglegheit til å utvikla evnene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsle.
- •God pensjonsordning i KLP.
- •Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest I tråd med brann- og eksplosjonsvernlova § 18 vert det for eksterne kandidatar stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved innan oppstart.
