Workfinder

OPK-FV - Avd. Maritim Nygård, Vestland fylkeskommune

Faglærer ved maskinoffisersutdanningen

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vil du være med å utdanne framtidas maritime leiarar og bidra til utviklinga av maskinoffisersutdanninga? Ønsker du å jobbe med motiverte studentar? Då kan dette være stillinga for deg! Avdelinga i Bergen søkjer ein engasjerande og fagleg dyktig person til å bli ein del av vårt team.

Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 170 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning, og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet. Skulen utviklar også utdanningar innan omgrepet Industri 4.0, og har moderne utstyr/simulatorar som nyttast i undervisninga. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.

Arbeidsoppgåver

• Undervisning og rettleiing innan maskintekniske fag & emner. • Oppfølging og vurdering av studentane si faglege utvikling. • Samarbeid med kollegaer, fagmiljø og relevante aktørar i næringa. • Oppfølging og vurdering av studentane si faglege utvikling. Kvalifikasjonar

• Maskinister med M1 eller M2 sertifikat.(trenger ikke være gyldig) • Personer med relevant mekanisk/elektro utdanning. • Personer med relevant Ingeniør utdanning. • Relevant videreutdanning Personlege eigenskapar

• Gode formidlingsevner og engasjement for fag og undervisning • Sjølvstendig • Ansvarsbevisst Vi tilbyr

• Ein triveleg arbeidsplass sentralt i Bergen sentrum i et engasjert team av lærarar. Maskinist studiet har svært gode søkjartal og har motiverte og engasjerte studentar med praktisk erfaring frå sjøen. • Fleksibel arbeidstid med moglegheiter for heimekontor. Arbeidstida følger skoleåret med avspasering i skoleferiane. • Konkurransedyktige lønnsvilkår. • Etter- og vidareutdanning iht. myndigheiter sine krav for maritimt undervisningspersonale blir betalt av arbeidsgjevar • Moglegheiter for å delta i utvikling, prosjekt, konferansar og meir. • Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Innskuddspensjon i Statens Pensjonskasse. • Arbeidsstad er Skulens Studiestad på Nygård, Odd Frantzens plass 6 Kontaktinformasjon Geir Jakobsen, +47 92280836

Arbeidsstad Odd Frantzens plass 6

5008 Bergen

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5195606597

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.11.2026