Workfinder

Voss herad Område nord

Helsefagarbeidar natt

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats. Om avdelinga:

Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum. Det er 25 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Det er langtid og omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning i institusjonen Fylgjande er ledig:

• 90% vikariat for helsefag/hjelpepleiar på natt, 3. kvar helg pluss 3 hinkehelger. Vernepleiar og sjukepleiar og studentar som er ferdig utdanna våret 2027 kan og søkje. Stillinga er ledig og ein tilset fortløpande.

Arbeidsoppgåver

• Heilheitleg pleie og omsorg • Helsefaglege oppgåver • Oppgåver etter kompetanse og autorisasjon • Primærkontaktoppgåve Kvalifikasjonar:

• Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar - gjerne erfaring frå nattarbeid i sjukeheim • Vernepleiar • Sjukepleiar • Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga Me ynskjer:

• Deg med glede av å arbeide i eldreomsorgen • Ein ny god kollega Me tilbyr:

• Gode vilkår for fagleg utvikling • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Gode pensjonsordningar • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår • Rekrutteringstillegg for sjukepleiar på 20-25.000kr i året Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her