Personal og organisasjon
Vil du vere med å utvikle Volda kommune som vår nye personal- og organisasjonssjef?
Volda kommune søkjer ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert personal- og organisasjonssjef. Som personal- og organisasjonssjef får du eit overordna ansvar for HR, kommunikasjon og dokumentforvaltning. Du får også ei sentral rolle i kommunedirektøren sitt leiarteam og høve til å setje retning for utviklinga av heile organisasjonen. Vi ser etter ein leiar som får ting til å skje. Du trivst med å drive fram endrings- og utviklingsprosessar saman med leiarar og medarbeidarar, og du evnar å omsetje strategiar til konkrete resultat. Du er trygg i leiarrolla, handterer krevjande saker med integritet, og byggjer tillit gjennom tydeleg kommunikasjon og godt samarbeid.
Arbeidsoppgåver • leie og vidareutvikle kommunen sin arbeidsgivar- og HR-strategi • drive leiarutvikling på tvers av sektorar og fagområde • styrkje kommunen sitt arbeid med rekruttering, kompetanseutvikling og arbeidsmiljø • vere ein sentral støttespelar for leiarar i personal- og arbeidsgivarspørsmål • leie utviklinga av digitale og effektive arbeidsprosessar innan fagområdet • ha administrativt ansvar for kommunikasjon, dokumentforvaltning og innbyggarservice • vidareutvikle system for kvalitet og internkontroll • ivareta og utvikle partssamarbeidet • bidra aktivt til strategisk utvikling av kommunen som heilskap Du får ansvar for fag, personal, økonomi og resultat innan ditt ansvarsområde. Kvalifikasjonar • relevant høgare utdanning innan HR, organisasjon, leiing eller tilsvarande • leiarerfaring frå offentleg eller annan kompleks organisasjon • solid kompetanse innan HR, organisasjonsutvikling og arbeidsgivarpolitikk • god forståing for offentleg forvaltning og arbeidsrett • god digital forståing og interesse for utviklingsarbeid Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • tenkjer strategisk og ser samanhengar på tvers av organisasjonen • tek initiativ og skaper framdrift i utviklings- og endringsprosessar • evnar å kombinere strategisk tenking med praktisk gjennomføring • er trygg, tydeleg og handlekraftig i krevjande situasjonar • byggjer tillit og gode relasjonar gjennom samarbeid og open kommunikasjon • har høg gjennomføringsevne og evnar å skape resultat saman med andre • har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr • ei sentral og strategisk leiarstilling med stor påverknadskraft • høve til å forme og utvikle organisasjonen • tett samarbeid med kommunedirektøren og kommunen si leiargruppe • eit godt arbeidsmiljø prega av tillit, samarbeid og engasjement • spennande og varierte arbeidsoppgåver • løn etter avtale
Volda kommune har nynorsk som administrasjonsspråk. Kontaktinformasjon Rune Sjurgard, Kommunedirektør, 90053752, rune.sjurgard@volda.kommune.no
Arbeidsstad Stormyra 2
6100 Volda
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Personal og organisasjon
