Workfinder

Fjaler kommune Fjaler kommune

Vil du vere med å forme oppveksten til barn og unge i Fjaler?

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Som kommunalsjef oppvekst får du ei nøkkelrolle i utviklinga av Fjaler kommune og blir ein del av leiargruppa til kommunedirektøren. Du får det overordna strategiske, faglege og økonomiske ansvaret for ein sektor med for tida tre skular, tre kommunale barnehagar, kulturskule (der Hyllestad kommune har vertskommuneansvaret) og eit interkommunalt PPT-samarbeid (pedagogisk-psykologisk-teneste). Du får også stor påverknad på kvardagen og framtida til barn og unge. Saman med dyktige rektorar, styrarar, tilsette, tillitsvalde og folkevalde skal du vidareutvikle eit framtidsretta oppvekstmiljø med vekt på tidleg innsats, kvalitet og godt samarbeid på tvers av tenestene. Ansvar og hovudoppgåver

• Mål- og planarbeid for oppvekstsektoren. • Leiaroppfølging av rektorar, styrarar og leiar for PPT-samarbeidet. • Kvalitetsutvikling, IKT, HMT og berekraft i sektoren. • Budsjettarbeid, økonomistyring og periodisk rapportering. • Utviklingsprosjekt og oppfølging av særskilde saker saman med rektorane og styrarane. • Ansvar for at kommunen oppfyller pliktene som skuleeigar, inkludert system for kvalitetsvurdering, oppfølging av resultat og forsvarleg system for å følgje opp regelverket. • Ansvar for kommunen si rolle som barnehagemynde, inkludert tilsyn, rettleiing, godkjenning, tilskot til private barnehagar og samordna opptak. • Oppfølging av vertskommunesamarbeidet for kulturskulen. • Saksførebuing til folkevalde organ og iverksetjing av politiske vedtak. • Dialog med Statsforvaltaren om tilsyn, klagesaker og rapportering. Kven ser vi etter? Vi søkjer ein trygg, robust og tydeleg leiar som ønskjer å vere med å forme oppveksten til barn og unge. Du har ei sterk fagleg forankring, evne til å skape retning og trivst med å leie og utvikle leiarar og medarbeidarar. Samstundes har du forståing for samhandling, utviklingsarbeid og kommunen si rolle som tenesteytar. Vi ser særleg etter deg som har:

• Erfaring frå oppvekstsektoren. • Gode leiareigenskapar. • God kjennskap til offentlege avgjerdsprosessar og samspelet med folkevalde. • God kjennskap til opplæringslova og barnehagelova og kommunen sitt ansvar etter desse, samt forvaltningsrett og kommunal verksemd. • Evne til å byggje tillit, skape engasjement og oppnå resultat. • God digital kompetanse og evne til å setje seg inn i ulike digitale system. Kvalifikasjonskrav:

• Relevant høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande. Særleg relevant erfaring og utdanning på bachelornivå kan kompensere for kravet om mastergrad. • Pedagogisk utdanning og/eller erfaring frå skulesektoren • Leiarerfaring frå oppvekstsektoren, til dømes rektor, styrar eller kommunalsjef. • Førarkort klasse B. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Ved tilsetjing blir det lagt stor vekt på personlege eignaheit, utdanning og erfaring innan leiing.

Vi tilbyr

  • •Ein sentral leiarposisjon med stort handlingsrom og reell påverknadskraft.
  • •Ei engasjert leiargruppe og dyktige medarbeidarar i heile sektoren.
  • •Konkurransedyktig løn og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
  • •Eit lokalsamfunn der natur, kultur og idrett gir gode rammer for livet utanom jobb.

Vil du vite meir om korleis det er å bu og leve i regionen vår? Bli kjend med moglegheitene i regionen, og korleis du kan bu, jobbe og leve eit godt liv her. Sjekk ut nettsidene regionsunnfjord.no og nytta.no.

Vi gjer merksam på at søkjarlista med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar til å unnta ho frå offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekkje søknaden før lista blir offentleggjort.

Link til søknadsskjema: Søk her