Workfinder

Klepp kommune, Kleppe skule

SFO-leiar

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vil du vere med på å vidareutvikle ein god og veldreven SFO og sikre god samanheng mellom SFO og skule? Vi har ledig 100% fast SFO-leiarstilling ved Kleppe skule. Kleppe skule er ein barneskule sentralt i Klepp kommune med rundt 450 elevar der 162 barn nyttar SFO. Vi har eit stort, godt uteområde og gode lokaler med blant anna aula og kantine. SFO nyttar nærområdet vårt i stor grad, vi har skog, leikeplassar, Plogenparken, symjehall og andre idrettsanlegg i gåavstand frå skulen. Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø. Vi er på jakt etter deg som ønsker å få jobbe med leiing i eit spennande og utviklande miljø og er oppteken av å skape eit godt fritidstilbod for alle barn. Kanskje du er den rette for oss?

Arbeidsoppgåver

• Ansvar for dagleg drift • Sørge for god struktur og gode planar for aktivitetar og bemanning • Drive utviklingsarbeid knytta opp mot Nasjonal rammeplan for SFO • Personalansvar for tilsette i SFO • Delta aktivt i arbeid med barn i SFO si åpningstid • Samarbeide med personalet i skuledelen og med aktuelle kommunale instansar • Bidra i overgangsarbeid frå barnehage til skule og SFO • Elevoppfølging og kontakt med heimane • Vere ein del av skulen si leiargruppe • Delta i vårt kommunale SFO-leiarnettverk • Bestilling og innkjøp Kvalifikasjonar

• Relevant pedagogisk 3-årig høgskuleutdanning • Erfaring frå arbeid med barn og unge • Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskeleg • Gode norskkunnskaper • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt • I tråd med opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning før tilsetjing Personlege eigenskapar

• Strukturert og sjølvstendig • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Eit inkluderande elevsyn • Positiv, fleksibel og stå-på-vilje • Initiativrik og nytenkjande • Godt humør Vi tilbyr

• Eit godt arbeidsmiljø i lag med dyktige kollegaer • Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP • Klepp kommune har gode velferdsordningar og pensjons- og forsikringsordningar • Tilsetjing skjer forøvrig på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. Kontaktinformasjon Sylvia Gjersdal, Rektor, +47 92839767

Arbeidsstad Viervegen 10

4351 Sandholen

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5197202674

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.11.2026