Workfinder

Vaksdal kommune

Assistent kjøkken

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Om stillinga Vaksdal Kommune søker no ein assistent som kan hjelpe til på kjøkkenet på Ressurssenteret kvar 3. helg - dagtid. Ressurssenteret heldt til i to av etasjane på Vaksdal sjukeheim. 2. etasje har 15 langtidsplassar for personar med demens fordelt på 2 avdelingar. 3. etasje er somatisk avdeling, med til saman 15 pasientar fordelt på to avdelingar Sjukeheimen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon. Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. Vi har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb.

Arbeidsoppgaver

  • •Lage og klargjere måltid
  • •Handtere allergen og spesialkost
  • •Oppvask (maskin og manuelt)
  • •Reingjere kjøkken, utstyr og arbeidsflater
  • •Kontrollere temperatur, datomerking og lagring
  • •Handtere avfall og kjeldesortere

Kvalifikasjonskrav

• Norskferdigheiter– du må kunne forstå og følge rutiner, og ofte kommunisere med pleiepersonell. • Fysisk kapasitet – noko løft, ståing og tempo kan førekomme. Ønskeleg kompetanse

  • •Kurs i hygiene og mattryggleik.
  • •Kjennskap til arbeid i helse- og omsorgssektoren.
  • •Erfaring frå storkjøkken, kantine, institusjonskjøkken.
  • •Kunnskap om ernæring.

Personlege egenskapar

• Samarbeidsevne og serviceinnstilling – tett samarbeid med helsepersonell. • God personleg hygiene og rutiner for smittevern. • Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode. • Du må like å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter. • Du kommuniserer godt og kan samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv. • Er påliteleg og stabil. Personlege eigenskaper vil bli vektlagte.

Vaksdal kommune tilbyr

  • •Løn i tråd med tariff og lokale kompetansetillegg.
  • •Gode moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning.
  • •Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • •Individuell oppfølging