Vaksdal kommune
Guide i Skipshelleren
Om stillinga Stillinga som guide i Skipshelleren på Stamnes er sesongbasert og omfattar formidling til skuleklassar i mai og juni kvart år. Arbeidet inneber mellom anna å fortelle om historia og kulturminneverdien til Skipshelleren og bidra til ei god oppleving for klassane. Stillinga har eit omfang på om lag 16 %, tilsvarande vanlegvis 1–2 dagar per veke i sesongen. Du kan i stor grad vere med og planlegge kva dagar du arbeider, i dialog med arbeidsgjevar og ut frå bestillingar og aktivitet. Vi ser etter deg som er interessert i lokalhistorie og kulturformidling, trivst med menneske og kan formidle på ein tydeleg og engasjerande måte. Opplæring i innhald og praktisk gjennomføring vert gitt.
Arbeidsoppgåver
- •Ta i mot skuleklassar og gjennomføre undervisningsopplegg om steinalderen.
- •Formidle historia og kulturminneverdien til Skipshelleren på ein engasjerande og aldersretta måte.
- •Førebu og rydde etter undervisningsopplegg, og bidra til at besøket vert gjennomført på ein trygg og god måte.
Kvalifikasjonskrav
- •Ønskeleg med pedagogisk utdanning eller relevant erfaring.
- •Søkarar utan formell erfaring kan bli vurdert.
- •God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Tenesta nyttar nynorsk.
- •Trygg i bruk av digitale kommunikasjonsformer.
- •Krav om politiattest.
Personlege eigenskapar
• Er oppteken av formidling og trivst i lag med born og unge. • Brenn for kulturarven og at den skal vere relevant for framtidas generasjonar. • Er konstruktiv, kreativ og løysingsorientert. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal Kommune kan tilby
- •Gode pensjons- og forsikringsordningar
- •Individuell oppfølging
- •Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- •Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
