Workfinder

Stab, Sykkylven kommune

Konsulent 100 % fast stilling

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vil du jobbe tett på innbyggarane og avgjerdene som formar Sykkylven kommune? Vi har ledig ei 100 % konsulentstilling i Stab til kommunedirektøren. Her får du ein variert arbeidskvardag med dokumentforvaltning, innbyggarservice og administrativ oppfølging av politiske møte og politisk leiing.

Du får sjølvstendig ansvar for eigne oppgåver og ei viktig rolle i både den daglege drifta og utviklinga av tenestene våre. Arbeidsplassen er på rådhuset, der du blir av eit arbeidsmiljø med fleire fagområde. Du vil samarbeide tett med både kollegaer, kommuneleiinga og politisk leiing.

Arbeidsoppgåver Vi søkjer ein person som skal

• Planleggje, koordinere og gjennomføre administrativt arbeid knytt til politisk aktivitet, mellom anna møteinnkallingar, møteavvikling og protokollarbeid. • Oppfølging og praktisk støtte til politisk og administrativ leiing. • Arbeide sjølvstendig med registrering, kvalitetssikring og arkivering av dokument, og bidra til å utvikle gode rutinar og digitale arbeidsmåtar. • Ha sjølvstendig ansvar for definerte oppgåver innan innbyggartenesta. Bidra til å utvikle tenesta og dei digitale løysingane, innan digitalt vertskap, sentralbord og kommunikasjon • Utføre enkle og rutineprega sakshandsamingsoppgåver med noko skjønsutøving. Arbeid medfører noko kveldsaktivitet. Oppgåver kan endre seg over tid og nye oppgåver kan kome til. Det er gode muligheter for utvikling og nye ansvarsområde i stillinga. Kvalifikasjonar Du kan ha ulik bakgrunn for oppgåvene, men forvatningskompetanse er å foretrekke.

Relevant utdanning innan administrasjon, offentleg forvaltning, dokumentforvaltning eller tilsvarande, å føretrekke på høgskulenivå. Døme på bachelor kan vere :

• Bachelor i offentlig administrasjon og ledelse • Bachelor i politikk og forvaltning • Bachelor i jus / rettsvitenskap Utdanning og relevant arbeidserfaring blir vurdert i samanheng. Har du erfaring frå administrativt arbeid, sakshandsaming, dokumentforvaltning eller liknande oppgåver ønsker vi at du legg fram dette. God digital kompetanse og evne til å setje seg inn i system, rutinar og regelverk er svørt vikti

Personlege eigenskapar

• Du tek ansvar. Du arbeider sjølvstendig, tek initiativ og følgjer opp eigne oppgåver frå start til slutt. • Du er strukturert og nøyaktig. Du held oversikt, prioriterer mellom oppgåver og sikrar god kvalitet og at fristar blir haldne. • Du er imøtekomande og serviceinnstilt. Du møter innbyggarar, folkevalde og kollegaer på ein vennleg, tydeleg og profesjonell måte. • Du har god vurderingsevne og rolleforståing. Du handterer fortruleg informasjon på ein trygg måte. • Du samarbeider godt. Du deler kunnskap, bidreg til fellesskapet og veit når du bør avklare spørsmål eller søkje faglege råd. • Du er lærevillig og utviklingsorientert. Du set deg inn i nye oppgåver og ser moglegheiter for å forbetre rutinar og arbeidsmåtar. Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • •Varierterte arbeidoppgåver
  • •Utviklingsmuligheter
  • •Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • •Gratis parkering
  • •Gode pensjons- og forsikringsordningar

Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden. Kontaktinformasjon Synnove Hunnes, Stabssjef, +47 901 40 282

Arbeidsstad Kyrkjevegen 62

6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5193050282

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.10.2026