Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Sjukepleiar
Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har ledig 2x100% fast stilling som sjukepleiar. Oppstart etter avtale. Arbeidsstad er sjukeheim og bemanna bufellesskap. Sjukepleiestillingane er pt. innplassert i to og tre-delt arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg. Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune. Vi har rekrutteringstillegg for sjukpleiarar inkl. tiltak for bompenger Nordøyvegen. Sjukepleiar i omsorgsdistriktet har vaktsamarbeid, og ein får soleis erfaring frå både bufellesskap, sjukeheim og heimetenester. Sjukepleiarar bemannar også legevaktsatelitt etter gjennomgått kompetansehevande kurs. Alle helse og omsorgstenster er samlokaliserte i Sandøytunet på Harøya. Det er godt samarbeid med kommunal legetenester mellom anna med arbeid i tverrfagleg helseteam som har møter to gongar i veka for samarbeid om pasientar- for gode pasientforløp. Omsorgsdistriktet er eit lokalsamfunn med fleire øyar, Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse -Nordøyvegen. Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.
Arbeidsoppgåver
• Sikre at bebuarar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer • Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen) • Legemiddelhandtering, medisinsk behandling og oppfølging • Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar • Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar • Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell • Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar • Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen Kvalifikasjonar
- •Autorisasjon som sykepleiar
- •3. års sykepleiestudenter kan søke, men ansettes med forbehold om godkjent autorisasjon
- •Relevant erfaring er ein fordel
- •God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
- •Beherske IKT-verktøy
- •Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
- •Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
- •Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
- •Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm).
- •Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
• Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar • Et støttende og engasjert kollegialt miljø • Sjølvstendig og samarbeidsorientert • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Nytenkande og endringsvillig • Personlege eigenskaper blir vektlagt • Vilje til å stå på for gode tenester Vi tilbyr
• Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø • Rekrutteringstillegg for sjukpleiarar inkl. tiltak for bompenger Nordøyvegen. • Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter virksomhetens behov • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff • Pensjonsordning i henhold til tariff • Bedriftshelsetjeneste • IA bedrift • Gratis parkering Kontaktinformasjon Renate Finnøy, Verksemdsleiar Sandøy, 906 14 079, Renate.Finnoy@alesund.kommune.no
Arbeidsstad Austrevegen 15
6296 Harøy
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ålesund kommune
