Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
Lege i spesialisering i medisinsk biokjemi, vikariat med moglegheit for forlenging
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Bergen
- Heltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 9. november
- Lønn ikke oppgitt
Vil du vere med på å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad styrer din eigen arbeidskvardag, med moglegheit for fordjuping i fleire medisinske problemstillingar? Som LIS hos oss får du ein unik moglegheit til å bidra til diagnostikk, forsking og utvikling innan eit fagfelt som stadig er i endring. Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) tilbyr eit breitt spekter av diagnostiske tenester som dekker alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Avdelinga driv og forskings-, utviklings- og formidlingsaktivitet knytt til fleire av fagområda.
Avdelinga har tre legegrupper: Hormonlaboratoriet si legegruppe, Seksjon for medisinsk biokjemi og Seksjon for klinisk farmakologi. Stillinga er knytt til Hormonlaboratoriet si legegruppe, som i dag har 2,6 overlegestillingar og tre LIS.
Totalt har avdelinga 350 tilsette, fordelt på legegruppene, 12 analytiske seksjonar, ei eiga kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar. Som lege ved avdelinga vil du ha arbeidsstad i Laboratoriebygget ved Haukeland universitetssjukehus. Er du nysgjerrig på spesialiteten medisinsk biokjemi? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om vikariatet og moglegheitene hos oss! Oppstart 01.01.27 eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- •Vaktordning på dagtid (8-16)
- •Vurdering og kommentering av analysar
- •Rådgiving og rettleiing til rekvirerande legar og andre
- •Delta i arbeid knytta til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye analysar
- •Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring
- •Moglegheit for fordjuping innan avdelinga si verksemd
- •Bidra med undervisning av andre tilsette i avdelinga
Kvalifikasjonar
• Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi. • Lege utan LIS1 kan og søke og bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar • Teneste ved sjukehuslaboratorium kan bli vektlagd • Klinisk teneste kan bli vektlagd • Søkar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten B2) • God skriftleg dokumentasjonsevne • Søkar bør kunne utarbeide skriftleg informasjon på nynorsk • Personlege eigenskapar blir vektlagd Personlege eigenskapar
• Du har interesse og motivasjon for fagfeltet medisinsk biokjemi • Du har interesse og motivasjon for forskning • Du tar initiativ til forbetring/utvikling i avdelinga • Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert og målretta • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor kollegaer og samarbeidspartnarar • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper • Du har oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse • Du kan følge opp delegerte oppgåver Vi tilbyr
- •Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
- •Spesialistutdanning i medisinsk biokjemi, inkludert sideutdanning dersom behov
- •Fagleg utvikling og moglegheit for fagleg fordjuping innan særskilde fagområde i medisinsk biokjemi
- •Gode moglegheiter for forsking innan vår forskingsverksemd
- •Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
- •Høgt fagleg nivå
- •Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
- •Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Kristin Viste, Einingsleiar, 55977812
Arbeidsstad Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF