Klinikk for Sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Lokal Sikkerheit Rehabilitering søker sjukepleiar/vernepleiar i fast helgestilling langvakt natt
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Bergen
- Deltid, Fast, Fast
- Frist 15. november
- Lønn ikke oppgitt
Vil du vere med å bidra til tryggleik, rehabilitering og utvikling innan sikkerheitspsykiatri? Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerte i april 2026 ei ny lukka sengepost med åtte senger i Sandviken-området. Sengeposten tilbyr spesialisert behandling til pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp, med særleg fokus på tryggleik, stabilisering, rehabilitering og gradvis tilbakeføring til eit lågare omsorgsnivå. Sidan oppstart har sengeposten bygd opp eit solid fagmiljø med høg fagkompetanse og god fagdekning gjennom heile døgnet. Medarbeidarane er kjenneteikna av fagleg engasjement, samarbeid og eit felles mål om å skape best mogleg behandling og utvikling for pasientane våre. Fagfeltet er i kontinuerleg utvikling, og vi søker deg som ønsker å vere med på å vidareutvikle eit viktig behandlingstilbod. Vi har ein ledig 25% fast helgestilling på natt for sjukepleiar/vernepleiar Stillinga er primært organisert med langvakter om lag kvar fjerde helg (fredag, laurdag og søndag). Ønskt tiltreding er januar 2027. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
• Miljøterapeutisk arbeid og oppfølging i postmiljø • Teamarbeid og tverrfagleg samarbeid • Observasjon og dokumentasjon av symptom på psykisk liding • Ansvarsvakt og medikamenthandtering • Bidra til å skape ei trygg og strukturert postatmosfære med omsorg, støtte og gode grenser • Praktiske oppgåver og dagleg drift • Aktivisering og støtte i daglege gjeremål • Bidra til fagleg utvikling og kvalitet i pasientforløpa Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Relevant erfaring med pasientgruppa • Erfaring frå psykisk helsevern er ønskeleg • Erfaring frå oppfølging og behandling av personar med rusavhengigheit er ønskeleg • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad. • Vandelsattest må leggast fram før tilsetting Personlege eigenskapar
• Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta • Strukturert og pasientorientert • Respektfull i møte med pasientar og pårørande • God evne til å arbeide tverrfagleg og i team • Trivst i eit aktivt miljø • Etterspør og nyttar rettleiing • Persoleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr
- •Å vere med og forme eit nytt behandlingstilbod innen sikkerhetspsykiatri
- •15 000 kroner pr år i særtillegg
- •Eit spennande og fagleg miljø der folk trivst på jobb
- •Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- •Gode pensjons- og forsikringsordningar
- •Arbeidsstad i Sandvikenområdet – Nye Sandviken
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Cecilie Engelsgjerd Eikestad, Seksjonsleiar, 90180905, cecilie.engelsgjerd.eikestad@helse-bergen.no
Britt Jeanette Hartwig, Ass. Seksjonsleiar, britt.jeanette.hartwig@helse-bergen.no
Arbeidsstad Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF