Workfinder

Nav hjelpemiddelsentral Vestland Førde

Controller med driftsoppgåver

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vi søker deg som ønsker å bidra til gode tenester og til NAV sitt viktige samfunnsoppdrag. Vår controller går av med pensjon, og ved NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har vi ledig ei fast 100% stilling som controllar med driftsoppgåver. Du treng ikkje ha lang erfaring for å vere aktuell. Har du relevant utdanning innan økonomi og administrasjon, interesse for økonomistyring, analyse og verksemdsstyring, legg vi til rette for nødvendig opplæring og utvikling.

Som controllar blir du ein viktig støttespelar for leiarane våre. Du vil arbeide med budsjett, prognosar, rapportering og analysar. Stillinga omfattar òg oppgåver innan innkjøp, fakturahandtering, avtaleoppfølging og ulike administrative og driftsrelaterte oppgåver. Gjennom deltaking i nasjonale fagnettverk får du samarbeide med kollegaer frå heile landet og bidra til utvikling, læring og deling av erfaringar.

Du blir ein del av rådgjevingsavdelinga og får ein variert arbeidskvardag med stor innsikt i verksemda vår og tett samarbeid med både leiarar og kollegaer. NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har 36 tilsette og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, tillit og høg fagleg kompetanse. Saman arbeider vi for å gi brukarar, kommunar og samarbeidspartnarar gode tenester og løysingar som fremjar meistring, deltaking og sjølvstende.

NAV Hjelpemiddelsentral er eit ressurs- og kompetansesenter for hjelpemiddel og tilrettelegging. Vi er ein del av NAV Hjelpemiddel og tilrettelegging, med om lag 1 400 tilsette fordelt på 14 hjelpemiddelsentralar over heile landet.

Arbeidsoppgåver Som controller vil du få ei viktig rolle i arbeidet med økonomi og drift ved hjelpemiddelsentralen. Du vil ha ansvar for oppfølging av fakturaer og rekneskap, utarbeide prognosar og rapportar, og bidra til god budsjettstyring og økonomisk oppfølging. Stillinga inneber òg oppfølging av innkjøp, avtalar og bestillingar. Vi ønskjer at du bidreg til å utvikle og forbetre rutinar, system og arbeidsmåtar, og er ein aktiv støttespelar for leiarane i arbeidet med planlegging, prioriteringar og ressursstyring. Samstundes vil du bidra til at den daglege drifta ved hjelpemiddelsentralen fungerer godt, og ta del i administrative og praktiske oppgåver ved behov. Andre oppgåver innan drift og administrasjon må også reknast med.Kvalifikasjonar Krav til stillinga Utdanning innan økonomi og administrasjon, eller anna relevant høgare utdanning Gode digitale ferdigheiter God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Det er ønskjeleg at du har Erfaring med økonomioppfølging, analysearbeid og prognosearbeid Erfaring frå offentleg verksemd Nav hjelpemiddel og tilrettelegging er i utvikling, og vi arbeider aktivt for å styrkje samarbeid og ressursutnytting på tvers av hjelpemiddelsentralane. Dette kan føre til at arbeidsoppgåver og ansvarsområde blir justerte i tråd med framtidige behov. Personlege eigenskapar For å trivast hos oss bør du like å ha orden og oversikt, samstundes som du er fleksibel når nye oppgåver kjem på bordet. Du tek ansvar, finn løysingar og set deg raskt inn i nye ting. Vi treng ein som samarbeider godt med andre, byggjer tillit og skapar gode relasjonar. Du må også vere flink til å sjå samanhengar og forstå kva som er viktig for heile verksemda, ikkje berre ditt eige fagområde. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Hos oss får du - Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til eit viktig samfunnsoppdrag - Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer - Moglegheit til å bidra i utviklinga av arbeidsprosessar og løysingar - Fleksitidsordning - Moglegheit for trening i arbeidstida - Ein fleksibel arbeidskvardag med hybride arbeidsløysingar - Tilsetjing som rådgjevar (stillingskode 1434) Løn frå kr 639 000 til kr 694 000 per år - Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse Kontaktinformasjon Bente Solheim, Controller, 40620394, bente.solheim@nav.no

Inger Jorun Årseth, avdelingsleiar rådgjeving, 95235287, inger.jorun.aarseth@nav.no

Arbeidsstad Steinavegen 12

6800 Førde

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Nav

Referansenr.: 5201263394

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.11.2026