Workfinder

kvinneklinikken, Helse Bergen HF

Jordmor

BergenHeltid, Fast, Fast

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Kvinneklinikken søker etter jordmødre som ønsker å jobbe hos oss.

Litt om Fødeavdelinga: Kvinneklinikken har tre fødeeiningar: Føde A/B, Føde C og Føde D Storken. Føde A/B har ansvar for risikofødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Føde D Storken er også ei kombinert lavrisiko føde-barseleining.

Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, terminkontrollar og ØH-situasjonar. Der er òg barseloppfølging, ammepoliklinikk og samtalar for kvinner med fødselsangst.

Fødeavdelinga er ein spennande arbeidsstad for jordmødrer som ønsker å vere med å utvikle heilskaplege omsorgsmodellar innan svangerskap- fødsel og barselomsorg. Vi søker etter jordmødrer som har interesse for alle fagområda innan fødselsomsorga. Det er tett samarbeid mellom alle seksjonane i Fødeavdelinga.

Stillinga er ved Fødeavdelinga, det er ledig 4 faste 100% stillingar i 3 delt turnus. Aktuelle kandidatar må kunne jobbe 3 delt turnus.

Vi søker etter jordmødrer som vil vere med å engasjere seg i utviklinga på Fødeavdelinga. Du er ansvarleg, løysingsorientert og bidrar med din veremåte til eit positivt og godt miljø for utvikling og teamarbeid.

Arbeidsoppgåver • Jordmorfagleg ansvar for gravide, fødande og barselkvinner • Rettleiing av "nybakte foreldre" • Rettleiing av jordmorstudentar, sjukepleiarstudentar og medisinarstudentar • Oppfølging av nyfødde i perinatalperioden • På fødeavdelinga er vi avhengige av jordmødrer med ulik kompetanse, vi har ansvarsvakter på alle skift. Dette er ei viktig rolle og ein viktig del av arbeidet, og vil inngå i arbeidsoppgåvene når ein har fått erfaring og kompetanse til dette Kvalifikasjonar • Jordmorutdanning med norsk autorisasjon • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office) • Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg • Erfaring frå fødselsarbeid på Kvinneklinikknivå er ein fordel • Erfaring med elektronisk fosterovervaking (STAN-sertifisert)

Personlege eigenskapar • Pasientorientert • Ansvarsbevisst • Gode kommunikasjonseevner • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver • Ha respekt for kvar enkelt pasient • Vere ein god teamarbeidar • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø • Fleksibel • Tole endring • Tilpassingsdyktig Vi tilbyr • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Triveleg arbeidsmiljø • Høgt fagleg nivå • Fagleg og personleg utvikling • Det vil bli turnusarbeid, med 3-delt turnus. Arbeid i snitt kvar 3. helg. • Haukeland sjukehus har tilbod om barnehage for tilsette • Bedriftsidrettslag

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Kari Aarø, Seksjonsleiar, 41701662

Arbeidsstad Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5183898927

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 05.10.2026

Søknadsfrist: 18.10.2026