Workfinder

Fyresdal Barnehage

Barnehagelærar i 60 % fast stilling

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Fyresdal barnehage søkjer ein engasjert og fagleg sterk barnehagelærar i 60 % fast stilling, med moglegheit for utviding til 100 %. Du får bidra til leik, læring og utvikling i eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på trygge relasjonar, fagleg utvikling og eit godt samarbeid til beste for barna.

Hva vi ser etter

  • •Utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
  • •Gode samarbeidsevner
  • •Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
  • •Likar utfordringar
  • •Evne til å bidra med å sikre eit godt samarbeid mellom barnehage og heim
  • •Gode digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Kvalifikasjonar

  • •Godkjend barnehagelærarutdanning
  • •Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, eventuelt minimum bestått norskprøve B2
  • •Gode evner til å samarbeide, organisere og vere løysingsorientert
  • •Gode evner til å arbeide i team for barnets beste

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver

  • •Medansvar for utvikling og kompetanseheving i høve barnehagen som pedagogisk verksemd tilpassa det enkelte barn og barnegruppa
  • •Medansvar for pedagogisk planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av barnehagens oppgåver og pedagogiske innhald
  • •Aktivt nærvære i leik og samspel med barn i kvardagslege aktivitetar
  • •Medansvar for barnehagen som ei heilskapleg eining, samarbeid med kollegaer, foreldre, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
  • •Medansvar for eit godt arbeidsmiljø i barnehagen

Vi tilbyr

  • •Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • •Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du kan gjere ein forskjell for barna.
  • •Ein barnehage som satsar på fagleg utvikling og kompetanseheving.
  • •Eit fantastisk uteområde og den flotte naturen rett utanfor døra, noko som gir oss unike moglegheiter for leik, utforsking, læring og gode naturopplevingar gjennom alle årstidene.
  • •Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • •Løn etter avtale
  • •Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen - Fyresdal er i sentralitetsklasse 6