Workfinder

Eldremedisinsk poliklinikk alderspsykiatri, Haugesund sjukehus

Psykolog/Psykologspesialist, alderspsykiatri/nevropsykologi

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Ønskjer du å arbeide med nokre av dei mest spennande differensialdiagnostiske problemstillingane innan psykisk helsevern? Vi har ledig eit vikariat som psykolog/psykologspesialist i vårt alderspsykiatriske fagmiljø ved Haugesund sjukehus, med moglegheit for fast tilsetjing. Stillinga er knytt til alderspsykiatrisk poliklinikk, med tett samarbeid med både alderspsykiatrisk døgneining og nevropsykologisk poliklinikk

Hos oss møter du pasientar der symptom og funksjonsendringar ofte ligg i skjeringspunktet mellom kognitiv svikt, psykisk liding, somatisk sjukdom og normal aldring. Mange av pasientane blir tilviste fordi utgreiinga er kompleks og diagnostikken framleis uavklart etter vurderingar i kommunehelsetenesta eller andre delar av spesialisthelsetenesta

Dette er ei stilling for deg som trivst med klinisk problemløysing, diagnostisk arbeid, kognitiv utgreiing og tverrfagleg samarbeid.

Kva går jobben ut på? Du vil arbeide med utgreiing av eldre pasientar med kognitiv svikt, åtferdsendringar og psykiatriske symptom. Arbeidet omfatter mellom anna:

  • •Nevropsykologiske undersøkingar og diagnostiske vurderingar.
  • •Differensialdiagnostisk utgreiing ved mistanke om demenssjukdom og andre kognitive tilstandar.
  • •Vurdering av samspel mellom kognitiv svikt, psykisk liding og somatisk sjukdom.
  • •Tverrfagleg samarbeid med legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og andre faggrupper.
  • •Deltaking i diagnostiske drøftingar og behandlingsplanlegging.
  • •Arbeid ved både alderspsykiatrisk poliklinikk, nevropsykologisk poliklinikk og alderspsykiatrisk døgneining.

Utgreiingane er ofte målretta og klinisk orienterte, tilpassa ei pasientgruppe med samansette utfordringar, omfattande somatisk sjukdom og redusert funksjonsnivå. Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

• Norsk autorisasjon som psykolog • Erfaring med nevropsykologisk utgreiingsarbeid • Erfaring med utgreiing av eldre pasientar • Kompetanse innan kognitiv vurdering og differensialdiagnostikk • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er nødvendig for forsvarleg pasientbehandling. Spesialistgodkjenning er ein fordel, men ikkje eit krav.

Kva ser vi etter hos deg? Vi trur du vil trivast hos oss dersom du

• likar komplekse diagnostike problemstillingar • er fagleg nysgjerrig og analytisk • trivst med samarbeid på tvers av fagområde • er trygg i kliniske vurderingar • kommuniserer godt med pasienter, pårørande og samarbeidspartnarar • bidreg til eit inkluderande og positivt fagmiljø Kvifor skal du velje oss? Få arbeidsplassar tilbyr den same kombinasjonen av alderspsykiatri og nevropsykologi som denne stillinga. Hos oss får du

  • •arbeide i eit stort og erfarent fagmiljø innan kognitiv utgreiing
  • •tett samarbeid mellom alderspsykiatri og nevropsykologi
  • •tilgang til brei testkompetanse og omfattande testbatteri
  • •regelmessige tverrfaglege drøftingar
  • •varierte arbeidsoppgåver på tvers av poliklinikk og døgneining
  • •moglegheit til å arbeide med nokre av dei mest komplekse differensialdiagnostiske problemstillingane hos eldre pasientar
  • •fagleg utvikling i eit spesialisert fagfelt

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Arvid Rongve, overlege, 90548749, arvid.rongve@helse-fonna.no

Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no

Arbeidsstad Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5192503985

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 04.01.2027

Sluttdato: 31.08.2027

Søknadsfrist: 30.10.2026