Kommunedirektøren sin stab, Haram kommune
Rådgjevar informasjonssikkerheit
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Brattvåg
- Deltid, Fast, Fast
- Frist 1. november
- Lønn ikke oppgitt
Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til ei spennande stilling i hjartet av digitaliseringsarbeidet i kommunen, som rådgjevar i informasjonssikkerheit i fast 60% stilling. Stillinga er organisert under kommunedirektøren sin stab i fagområdet organisasjonsutvikling og digitalisering. Fagområdet er leia av fagleiar. Samfunnet og kommunen si rolle er i stadig utvikling, der vi i framtida mellom anna må nytte kunstig intelligens (KI) innan stadig nye fagområde. Som utviklar og forvaltar av store verdiar, må informasjonssikkerheit og personvern vere i fokus. I stillinga vil ein mellom anna ha eit særleg ansvar for oppgåver og system relatert til dette, samt opplæring av tilsette og leiarar i system og lovverk. Ein har eit nært samarbeid med e-kommune Sunnmøre som driftar kommunen sine IT-system. Ein må også bidra aktivt inn i utviklingsprosjekt der fagtenestene i kommunen tek i bruk eller endrar sine digitale system, samt tilretteleggje og gje faglege råd i avgjerdsprosessar. Digitalisering og utviklingsarbeid skal i Haram kommune skape meirverdi og gje gevinst. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver Arbeid relatert til IT-sikkerheit og personvern, til dømes:
- •Prosedyrar og rutinar for informasjonssikkerheit og personvern.
- •ROS, DPIA (Data Protection Impact Assessment) og FRIA (Fundamental Rights Impact Assessment)
- •Beredskap informasjonssikkerheit og personvern.
- •Gjennomgang av nye databehandlaravtalar og oppfølging og kontroll av eksisterande avtalar.
- •Behandlingsprotokollar i forhold til GDPR artikkel 6.
- •Oppfølging av informasjonssikkerheitskampanjar og andre bevisstgjerings- og opplæringstiltak.
Andre oppgåver innan kommunedirektøren sin stab kan kome til. Kvalifikasjonar
• Relevant høgare utdanning innan informasjons- og datateknologi (IT), på masternivå. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Erfaring med eitt eller fleire av desse temaa er ein fordel:
• Kunstig intelligens (KI). • Informasjonssikkerheit og personvern. • Digitale innovasjonsprosessar og systemarbeid. Personlege eigenskapar
- •Du er modig, grundig og har evne til å meistre høgt arbeidspress og komplekse arbeidsoppgåver.
- •Du har god system- og rolleforståing, og har gode problemløysarevne.
- •Du er god til å planleggje og er resultatorientert.
- •Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit.
Vi tilbyr
• Utfordrande oppgåver i ein organisasjon i utvikling, med stort potensial og kompetente kollegaer. • Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg. • Løn etter avtale. Pensjonsordning gjennom KLP og gode forsikringsordningar. • IA- bedrift og fleksibel arbeidstidsordning. Kontaktinformasjon Petter Sortevik, Stabssjef, 95479474, petter.sortevik@haram.kommune.no
Arbeidsstad Standgata 40
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune