Workfinder

Kviteseid kommune

Rekneskapsansvarleg i 100% fast stilling

KviteseidHeltid, Fast, FastFrist 2. november

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Ved fellestenestene har vi ledig spennande stilling Rekneskapsansvarleg i 100% fast stilling

Stillinga ligg rett under økonomisjef/assisterande kommunedirektør og du blir ein del av eit godt team.

Arbeidsoppgåver · Fagansvarleg for kommunerekneskapen og underliggande verksemder · Utarbeiding av årsrekneskap · Kostra-rapportering · Internkontroll og kvalitetssikring · Rådgjeving og rapportering til budsjettansvarlege · Bokføring og avstemming · Andre rekneskapsrelaterte oppgåverKvalifikasjonar Vi ynskjer at du har: • Økonomisk utdanning på minimum bachelornivå, relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning • Regnskapserfaring frå A til Å, gjerne frå kommunal verksemd • God kjennskap til lov- og avtaleverk innan fagområdet, særleg frå offentleg forvaltning • God IT- og systemforståingPersonlege eigenskapar Kva type personlege eigenskapar vil me ha med på laget vårt? Me ser etter deg som er sjølvstendig og uredd. Me ser etter deg som er god på menneskelege relasjonar. Me ser etter deg som likar faglege utfordringar og som klarar å leite deg fram til svar på eigenhand. Me ser etter deg som forstår viktigheita av tidsfristar og som har høg arbeidskapasitet. Me ser etter deg som har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner. Me ser etter deg som har eit raust menneskesyn og som bidrar sosialt på arbeidsplassen.

Vi tilbyr • Ein spennande jobb med meiningsfulle arbeidsoppgåver • Eit godt arbeidsmiljø der latteren sit laust • Ein jobb med gode moglegheiter for kompetanseutvikling • Konkurransedyktig løn • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Me kan vere behjelpeleg med å skaffe bustad Kommunen brukar nynorsk som språk. Du må kunne visa fram ny politiattest før tilsetjing. Kan dette vere noko for deg, ikkje nøl med å ta kontakt. Kontaktinformasjon Snorre Halvor Djupedal, HR leiar, +47 481 78 566

Arbeidsstad Kviteseidgata 13

3850 KVITESEID

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kviteseid kommune

Referansenr.: 5194151777

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.11.2026