Workfinder

Suldal kommune Suldal bu og aktivitet

Vil du vere med og gjere ein forskjell?

SandHeltid, Vikariat, Vikariat

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Saman skaper me gode dagar i Suldal bu- og aktivitet Me søkjer etter ein engasjert og fagleg trygg medarbeidar til eit 100 % vikariat frå snarast og til 31.07.2027.

Me ønskjer primært å tilsetje vernepleiar/sjukepleiar, men oppmodar også helsefagarbeidarar til å søkje.

Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø som kvar dag arbeider for å skape trivsel, meistring og gode opplevingar for menneske med behov for støtte og oppfølging i kvardagen. Me legg vekt på brukarmedverknad, relasjonsbygging og ei aktiv tilnærming til kvardagsmeistring.

Arbeidsoppgåver

  • •Målretta miljøarbeid og oppfølging av tenestemottakarar
  • •Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak
  • •Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre faginstansar
  • •Dokumentasjon og fagleg oppfølging
  • •Bidra til aktivitet, meistring og gode opplevingar i kvardagen

Me ser etter deg som

  • •Er vernepleiar med norsk autorisasjon, eller har annan relevant helse- og sosialfagleg utdanning
  • •Er fagleg engasjert og utviklingsorientert
  • •Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med andre
  • •Er sjølvstendig, fleksibel og løysingsorientert
  • •Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø

Me tilbyr

  • •Ei meiningsfull og variert stilling
  • •Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • •Moglegheit til å vere med og utvikle tenestene
  • •Fagleg støtte og rettleiing
  • •Løn etter gjeldande avtaleverk

Vil du vere med og skape gode dagar saman med oss? Då håpar me å høyre frå deg! For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Suldal Bu og Aktivitet.

Anne Egebjerg - einingsleiar, tel. 91157290

Karoline H Nordmark - avdelingsleiar, tel. 45297073

Link til søknadsskjema: Søk her