Sandane Lufthamn, Anda, Avinor AS
Lufthavnbetjent
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Sandane
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 1. november
- Lønn ikke oppgitt
Ved Sandane Lufthamn Anda er det ledig 100 % stilling som lufthavnbetjent i fast stilling for snarleg tilsetting. Lufthavnbetjenten inngår i brann- og redningstenesta og utfører terminal- og plassteneste som vintervedlikehald, vedlikehald av rullande materiell, elektroinstallasjonar, bygg og anna vedlikehaldsarbeid. Arbeidstida er lagt opp som skift-/ og turnusteneste. Du vert ein viktig del av det operative laget som sørgjer for trygg og effektiv drift av lufthamna gjennom heile året.
Arbeidsoppgaver Vi søkjer ein person som kan vere med på å utvikle Sandane lufthamn saman med oss i ei spennande framtid for luftfarten. Lufthavnbetjent vil i løpet av ein 2-års periode gjennomgå opplæring for å kunne fungere som leiar av vaktlag, utrykningsleiar, og kunne inneha funksjon som brøyteleiar i vintervedlikehaldet. Stillinga gir varierte arbeidsoppgåver og gode mulegheiter for personleg utvikling. Arbeidskvardagen omfattar òg inspeksjon og kontroll av anlegg og utstyr, drift av maskiner og køyretøy, praktiske vedlikehaldsoppgåver inne og ute og anna beredskapsarbeid.Kvalifikasjoner
• Medisinsk, psykisk og fysisk helse i høve til Avinor sine krav for deltaking i brann- og redningsteneste. • Førarkort klasse C, søkjarar utan må forplikte seg til å da dette før tilsetjing. • Godkjent utvida politiattest for ID-kort for arbeid på lufthamn. • Gode kunnskapar i bruk av PC som arbeidsverktøy. • Gode norsk- og engelskkunnskapar. Den tilsette må forplikte seg til å gjennomføre kurs og opplæring som er nødvendig for stillinga. Personlige egenskaper
• Gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar. • Du tek ansvar, viser initiativ, er fleksibel og løysingsorientert, og at du held roa i periodar med høgt tempo og krevjande forhold. Personleg eignaheit vil bli vektlagd. Vi ynskjer ein inkluderande og samarbeidsorientert person med gode personlege eigenskapar som kan identifisere seg med Avinors etiske krav og verdiar. På grunn av alders- og kjønnssamansetning vert yngre medarbeidarar og særleg kvinner oppfordra til å søke. Forsikringsordningane inkluderer helseforsikring. Avinor tilbyr òg full løn under lovfesta foreldrepermisjon. Vi tilbyr
- •Ei utfordrande og variert stilling i eit selskap med høg kompetanse.
- •Relevante kurs og grundig opplæring i alle delar av stillinga.
- •Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, mellom anna opplæring til funksjonar som leiar av vaktlag, utrykningsleiar og brøyteleiar.
- •Løn og øvrige vilkår i samsvar med tariffavtale.
- •Gode pensjons- og forsikringsordningar, inkludert helseforsikring.
- •Full løn under lovfesta foreldrepermisjon.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til lufthamnsjef Svein-Arne Vik, mobil 90122388. Kontaktinformasjon Svein-Arne Vik, +4790122388
Arbeidssted Andavegen 991
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Avinor AS