Stord kommune
ID 2490 Sjukepleiarar - Tenester til heimebuande
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Stord
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 8. november
- Lønn ikke oppgitt
Vil du vere med og forme framtida for heimebaserte tenester?
Er du sjukepleiar og klar for nye utfordringar i eit fagleg sterkt og framtidsretta miljø? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt!
Hos oss får du ein meiningsfull jobb i eit fagleg sterkt og støttande miljø, der du får brukt kompetansen din til det fulle og vere med på å utvikle framtidas tenester til heimebuande.
Me er ei eining i utvikling og jobbar aktivt for å møte framtida med ny organisering, ansvar- og oppgåvedeling. For å styrkje fagmiljøet har me samla alle sjukepleiarane våre i eit eige Sjukepleiar- og meistringsteam, der samarbeid, fagleg refleksjon og kollegastøtte står i sentrum.
Me har ledig 5 x 100 % stillingar for autoriserte sjukepleiarar i vårt Sjukepleiar- og meistringsteam
Arbeidstidsordningar
Me tilbyr arbeidstidsordning etter avtale. Alternativa er:
Alternativ 1
- •Langvaktsturnus med arbeid kvar 4. helg i årsturnus
Alternativ 2
- •Turnus dag og kveld med arbeid kvar 3. helg i årsturnus
Kvifor velge oss?
Hos oss får du
- •Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- •Tett samarbeid med dyktige kollegaer
- •Moglegheit til å påverke eigen turnus
- •God opplæring og eigen fadder som følgjer deg opp
- •Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du gjer ein forskjell
Målet vårt er at innbyggjarane skal kunne bu trygt og godt heime, og vere mest mogleg sjølvstendige i eige liv.
Me er også i gang med å etablere vår eiga sjukepleieklinikk, der brukarar kan få tenester som sårstell, injeksjonar, oppfølging av ernæring og andre planlagde sjukepleiefaglege tenester.
Arbeidsoppgåver
- •Yte pleie og omsorg etter vedtak
- •Ivareta sjukepleiefagleg ansvar for heimebuande brukarar
- •Kartlegging, observasjon, vurdering og oppfølging av pasientar
- •Samhandle med pårørande, fastlegar, sjukehus og andre samarbeidspartnarar
- •Bidra i utvikling av tenesta og fagleg kvalitetsarbeid
- •Rettleie tilsette, studentar, elevar og lærlingar
Me ser etter deg som
- •Har høg arbeidskapasitet og arbeider strukturert og sjølvstendig
- •Er påliteleg og tek ansvar
- •Brenn for kunnskapsbasert praksis og fagleg utvikling
- •Kommuniserer godt med kollegaer, brukarar og pårørande
- •Har eit ekte engasjement for å arbeide med menneske
- •Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper
Kvalifikasjonskrav
- •Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- •God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- •Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere språkkompetanse på nivå B2
- •Førarkort klasse B
- •Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt
Politiattest
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Me tilbyr
- •Løn kr 25.000 over garantiløn i hovudtariffavtalen
- •Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og utviklingsorientert fagmiljø
- •Fagleg utvikling og kompetanseheving
- •IA-bedrift og tilgang til bedriftshelseteneste
- •Medlemskap i Ve og Vel med mellom anna tilgang til leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og tilhengar
- •Offentleg tenestepensjon
- •Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk
Me gler oss til å høyre frå deg!
Offentleg søkjarliste
Dersom søkjar ønskjer å verte unnateken frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verte oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ønskje om reservasjon ikkje vert teke til følgje.