SFE AS
Sommarjobb 2026 - vedlikehaldsarbeid (Ålfoten)
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Ålfoten
- Heltid, Annet
- Frist 31. januar
- Lønn ikke oppgitt
Ønskjer du ein aktiv og meiningsfull sommarjobb? Då kan ein sommarjobb hos SFE vere noko for deg.
For deg som går på vidaregåande skule eller er i starten av studiane, er dette ein fin moglegheit til å bli kjent med energibransjen og få verdifull arbeidserfaring.
Vi ser etter sommarvikarar som kan hjelpe til med enkle drifts- og vedlikehaldsoppgåver ved kraftanlegga våre. Arbeidsoppgåvene kan mellom anna vere plenslått, målearbeid, rydding og anna praktisk arbeid. Arbeidsstad kan vere i Ålfoten eller Svelgen.
Jobben passar godt for deg som trivst med praktiske oppgåver og likar å arbeide ute. Dersom du er i gang med ei yrkesfagleg utdanning innan elektro, automasjon eller liknande fag, kan vi i nokre tilfelle tilpasse arbeidsoppgåvene slik at du får relevant erfaring frå fagområdet ditt.
Det er ein fordel om du har fylt 18 år og har førarkort klasse B, men dette er ikkje eit krav.
Sommarjobben varer normalt mellom tre og fem veker. Behovet er størst frå starten eller midten av juni og utover sommaren. I søknaden ønskjer vi at du opplyser om:
- •kva veker du kan arbeide
- •kva for lokasjon(ar) som er aktuelle for deg
SFE forvaltar kritisk infrastruktur. Før tilsetting vil vi derfor, etter samtykke frå kandidaten, gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om prosessen. Tilsetting føreset godkjend bakgrunnssjekk.