Workfinder

Voss herad Barne og familiehjelpa

Familieterapeut

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vil du vere med å styrkje tilbodet til barn, ungdom og familiar på Voss? Barne- og Familiehjelpa har fått prosjektmidlar frå Statsforvaltaren, og søkjer no ein engasjert familieterapeut til ei spennande stilling. Gjennom denne satsinga ønskjer me å vidareutvikle og styrkje hjelpetilbodet til familiar som opplever krevjande livssituasjonar og relasjonelle utfordringar. Hos oss får du høve til å arbeide tett på barn, ungdom og familiar, vere med på fagutvikling og bidra til tidleg innsats der det verkeleg betyr noko. Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement for å skape gode oppvekstvilkår i Voss herad. Kven er me? Barne- og familiehjelpa - Voss herad Arbeidsoppgåver

• tilby terapi og rådgjeving til familiar, foreldre og par • arbeide med familiar som står i relasjonelle utfordringar eller samlivsbrot • halde kurs, undervisning og faglege samlingar • drive rettleiing både individuelt og i grupper • samarbeide med andre tenester for å skape gode, samordna tilbod rundt barnet • bidra i utadretta og førebyggjande arbeid • vere med på fag- og tenesteutvikling Kvalifikasjonar

• har minimum treårig helse- og sosialfagleg utdanning (barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar) • har vidareutdanning innan familieterapi eller tilsvarande • har erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar • har erfaring med terapeutisk arbeid og rettleiing • er interessert i familiearbeid og relasjonsbygging • har førarkort klasse B Det er ein fordel dersom du har erfaring frå metodar som:

• COS-P • Marte Meo • PMTO • eller liknande rettleiingsmetodikk Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Anna språkkompetanse er eit pluss. Me ynskjer ein kollega som:

• møter menneske i utfordrande livssituasjonar med respekt, varme og tryggleik • arbeider sjølvstendig, men samstundes trivst godt i tverrfaglege team • er fleksibel og løysingsorientert • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt på. Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen. Kvifor velja oss? Hos Barne- og Familiehjelpa får du:

  • •eit sterkt og engasjert fagmiljø
  • •høve til å påverke og utvikle eit viktig prosjekt
  • •varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • •gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • •tett tverrfagleg samarbeid
  • •eit uformelt, inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø
  • •gode pensjons- og forsikringsordningar
  • •løn etter gjeldande avtaleverk

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her