Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule
Avdelingsleiar Husnes ungdomsskule
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Husnes
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 15. november
- Lønn ikke oppgitt
Avdelingsleiar Husnes ungdomsskule Kvinnherad kommune sin visjon er Saman om utvikling og gode tenester Husnes ungdomsskule er den største ungdomsskulen i kommunen, og har i skuleåret 26-27 om lag 240 elevar og 42 tilsette. Husnes ungdomsskule treng avdelingsleiar for 10.trinn frå 1.1.2027. Stillinga er ei 100% fast stilling. Avdelingsleiar har ansvar for fagleg oppfylging, karriererettleiing, vikarhandtering, pedagogisk utviklingsarbeid og har personalansvar for sitt trinn. Læring og pedagogisk leiing skal vera førsteprioritet for skuleleiarar. Læring skal vera sentralt på alle nivå; elevnivå, i møte mellom elevar og lærarar, i samarbeidsfellesskapet mellom lærarar og på skulenivå. For å nå dette målet må ein skuleleiar utøva strategisk leiing og skapa visjonar som motiverer og inspirerer. Ein skuleleiar skal bidra til utvikling av ein lærande organisasjon gjennom å bidra til utvikling av medarbeidarar og leggja til rette for gode arbeidsforhold for dei tilsette. Skuleleiaren skal leia læringsarbeidet i profesjonsfellesskapet ved å stilla krav til, leggja til rette for og fylgja opp læringsaktivitetar. Skuleleiaren skal ha fokus på omgjevnadene og syna samfunnsansvar. Den som vert tilsett, vil møta ein raus og inkluderande arbeidsplass i eit godt fagleg og sosialt miljø med dyktige medarbeidarar som vil det beste for kvarandre og den einskilde eleven. Vi arbeider kontinuerleg for å kunna tilby elevar og tilsette eit trygt, godt og inkluderande arbeids- og læringsfellesskap i tråd med Fagfornyinga og Kvinnherad kommune sine overordna verdiar og kvalitetsutviklingsplan.
Arbeidsoppgåver Du er ein del av skulen sitt leiarteam som er sett saman av rektor og tre avdelingsleiarar. Du vil ha hovudansvar for læringsarbeidet på 10.trinnet og ha personalansvar for dei som er knytt til trinnet. Du arbeider for å skapa eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevar og tilsette Du sikrar eit godt og ope samarbeid med føresette og deltek aktivt i planlegging og gjennomføring av skulen sitt utviklingsarbeid Ansvar for yrkesrettleiing (karriererådgjevar) Du har overordna vikaransvar Andre relevante administrative oppgåver. Du deltek i skuleleiarfellesskapet i Kvinnherad kommune og er med på å utvikla Kvinnheradskulen ut frå nasjonale styringssignal og Kvinnherad kommune sine eigne mål for opplæringa.
Kvalifikasjonar Formell undervisningskompetanse for ungdomstrinnet Erfaring frå undervisning på ungdomstrinnet er ynskjeleg Erfaring frå faget utdanningsval Det er ynskjeleg med relevant leiarutdanning og/eller -erfaring. Vilkår om å gjennomføra formell skuleleiarutdanning etter tilsetting dersom du ikkje har dette. Relevant IT-kompetanse knytt til digitale verktøy og læringsplattformar Kvinnherad kommune nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon Gyldig politiattest må leggjast fram
Personlege eigenskapar Du er ein tydeleg og inkluderande leiar med positive forventningar til både vaksne og elevar Du har gode samarbeidsevner Du er strukturert, arbeider systematisk og har stor arbeidskapasitet Du har godt humør og arbeider for eit trygt og godt arbeids- og læringsmiljø Du likar å vera saman med ungdomar, er ein trygg vaksen og ser den einskilde Du er trygg i møte med elevar og føresette og andre eksterne samarbeidspartnarar Du er utviklingsorientert og deltek aktivt i profesjonsfellesskapet
Vi tilbyr Faglege utfordringar i eit hyggeleg arbeidsmiljø Utfordrande og sjølvstendige stillingar Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. Løn etter gjeldande avtaleverk Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Ingen eigedomsskatt pr i dag for hus, hytter og næring. Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.