MEDISINSK BIOKJEMI og BLODBANK VOLDA, Helse Møre og Romsdal HF
Bioingeniør - vikariat
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Volda
- Heltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 1. november
- Lønn ikke oppgitt
Ønskjer du ein spennande og utfordrande jobb i eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer og varierte arbeidsoppgåver innan medisinsk biokjemi og blodbank? Vi har no ledig eit 100% vikariat som bioingeniør i grunnstilling for perioden januar 2027 til august 2028. Stillinga inngår i seksjonen sin turnus, og det må påreknast kvelds-, natt- og helgearbeid. Vi oppmodar særleg nyutdanna bioingeniørar om å søkje, då Volda sjukehus gir gode moglegheiter til å byggje brei fagleg erfaring innan medisinsk biokjemi og blodbank. Medisinsk biokjemi og blodbank Volda er stolte av eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg nysgjerrigheit og kollegaer som stiller opp for kvarandre. Som bioingeniør hos oss vert du raskt ein del av eit inkluderande fagfellesskap der kunnskapsdeling og trivsel står sterkt.
Medisinsk biokjemi og blodbank Volda har 16 stillingar og om lag 19 tilsette. Seksjonen samarbeider tett med laboratoriemiljø ved dei andre sjukehusa i føretaket og tilbyr tenester innan klinisk kjemi, hematologi/koagulasjon og blodbank.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
• Opplæring og arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og klinisk kjemi/immunkjemi. • Etter endt opplæring vil du inngå i eit vaktlag i tredelt turnus, med arbeid kvar tredje helg og arbeidstid på 35,5 timar per veke. Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som bioingeniør • Gode datakunnskapar • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar
• Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert • Fleksibel og omstillingsdyktig • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr
• Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass i godt kollegialt miljø • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Kontaktinformasjon Joar Ulstein, Seksjonsleiar, joar.ulstein@helse-mr.no
Arbeidsstad Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF