Nyfødt intensiv Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Seksjon for nyfødd intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus er ein spennande arbeidsplass med 13 pasientplassar. Fire av plassane er til høgintensiv behandling, medan seks er til intermediær behandling. I tillegg har vi familierom og tilbod om heimesjukehus. Vi dekkjer nyføddtilbodet i heile Møre og Romsdal og behandlar premature born frå svangerskapsveke 26, i tillegg til alle andre sjuke nyfødde born. Seksjonen har eit godt arbeidsmiljø med dyktige, engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar. Vi har eit tett og godt tverrfagleg samarbeid, både internt i avdelinga og på tvers av klinikken. Ved nytilsetjing får du eit grundig opplæringsprogram over seks veker. Interne omrokkeringar kan òg føre til at det blir ledige stillingar i seksjonen. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Arbeidsoppgåver
- •Varierte sjukepleiprosedyrer og oppgåver relatert til premature og sjuke nyfødde born
- •Legemiddelhandtering
- •Bruk av medisinskteknisk utstyr
- •Familiebasert omsorg
- •Rettleiing
- •Tverrfagleg samarbeid
- •Kontinuerleg forbetringsarbeid
- •Arbeid med kvalitet- og pasientsikkerheit
Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Det er ønskjeleg med vidareutdanning i nyfødtsjukepleie, barnesjukepleie eller intensivsjukepleie • Gode samarbeidsevner og et sterkt pasientfokus • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Personlege eigenskapar
- •Du er fagleg sterk og set pasienten i fokus
- •Du er engasjert og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø med høgt tempo
- •Du tek initiativ, er fleksibel og strukturert
- •Du er positiv, har godt humør og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- •Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre
Vi tilbyr
• Ein spennande og givande arbeidsplass • Ei god opplæring og gode kollegaer • Eit solid fagmiljø som bidreg til di faglege utvikling • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. Kontaktinformasjon Ann-Iren Vartdal, Seksjonsleiar, Ann-Iren.Vartdal@helse-mr.no
Arbeidsstad Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
