Suldal kommune Suldal sjukeheim
Vil du jobbe ein stad der du blir sett, inkludert og får utvikle deg fagleg? Me treng nye kollegaer som vil bli ein del av det gode arbeidsmiljøet vårt.
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Sand
- Heltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 1. november
- Lønn ikke oppgitt
Suldal sjukeheim har ledig vikariat som sjukepleiar i 100 % stilling.
Om Suldal sjukeheim
- •Me har to pleieavdelingar med totalt 38 rom
- •Me har årsturnus
- •Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer
- •Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme
- •Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet
Om stillinga
- •Stillingsstorleik: 100 %
- •Stillingstype: vikariat
- •Turnus: todelt turnus med arbeid kvar 3. helg, moglegheit for langvakter i helg
- •Oppstart: snarast, eller etter avtale
- •Vikariat: til 31.08.2027, moglegheit for forlenging
Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig Arbeidsoppgåver
• Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie av bebuarane ved sjukeheimen Kvalifikasjonar
• Autorisasjon som sjukepleiar • Personlege eigeskapar vil bli vektlagt • Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø • Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt • Gode datakunnskapar • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Me ser etter deg som:
• Er trygg og sjølvstendig i faglege vurderingar • Tek ansvar og arbeider strukturert • Er lærevillig og nysgjerrig på velferdsteknologi • Bidreg positivt til arbeidsmiljø og samarbeid Tilsett i Suldal kommune
• Sjukepleiarar får eit tillegg på kr. 25.000 hjå oss, og spesialsjukepleiarar får eit tillegg på kr. 30.000. • Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal. Sjå her: Prøvebu i Suldal - Suldal kommune heimeside • Me har gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP • Me har bedriftshelseteneste • Me har løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk • Me har nynorsk som administrasjonsspråk Andre opplysingar
• Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju • Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarliste Slik søkjer du
• Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar • Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju • Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00 Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.