Workfinder

Tenesteområde Helsestasjontenester, Haram kommune

Helsesjukepleiar

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

I helsestasjonstenesta har vi no ledig 100 % fast stilling. Stillinga er organisert i kommunalområde livsløp som består av tenesteområda Helsetenester, Pedagogisk fagsenter og Helsestasjon og ressursbase som også inkluderer flyktningtenesta. Saman med oss skal du vere med å levere gode tenester til barn, ungdom og deira føresette i Haram kommune. Haram kommune er ein ambisiøs kommune med mål om gode, heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarane våre. Helsestasjonen er ei teneste for barn og unge 0-24 år. Ein føreset at den som vert tilsett kan stadfeste sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). Personleg bank-ID eller ID-porten må kunne nyttast som alternativ pålogging i ulike digitale løysingar ved behov.

Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene er heimla i lov om kommunale helse- og omsorgstenester og omfattar helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom

• Rettleiing til barn og unge, samt foreldre og kollegaer • Individuelle samtalar • Heimebesøk • Samarbeid med andre tenester • Dokumententering i aktuelle system • Ein må rekne med noko reiseaktivitet, og eigen bil må påreknast brukt i tenesta Kvalifikasjonar

• Godkjent helsesjukepleiarutdanning (sjukepleiarar under vidareutdanning som helsesjukepleiar kan søkje) • Erfaring frå arbeid med barn og unge • Relevant kompetanse ift. arbeid med psykisk helse blant barn og unge er ein fordel • God munnleg og skriftleg framstillingsevne • Førarkort klasse B Personlege eigenskapar

• Det blir lagt stor vekt på at ein er personleg eigna og vi ynskjer ein god lagspelar • Ha gode kommunikasjons- og samhandlingsevner • Gode evner til å oppnå kontakt og skape gode relasjonar til andre • Ha evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig • Er utviklingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig • Har vilje og interesse for utvikling av organisasjonen • Likar å arbeide tverrfagleg og i tett samarbeid med andre instansar Vi tilbyr

• Meiningsfylt og interessant arbeid i eit triveleg miljø i stadig utvikling • Utfordrande oppgåver i ein organisasjon med stort potensiale og kompetente kollegaer • Tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling • Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg • Løn etter avtale • Pensjons og forsikringsordningar gjennom KLP Kontaktinformasjon Laila Grytten, Tenesteleiar, 41248725, laila.grytten@haram.kommune.no

Arbeidsstad Strandgata

6270 BRATTVÅG

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5193133970

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 15.11.2026

Søknadsfrist: 06.11.2026