Workfinder

Klinikk sikkerheitspsykiatri/ Lokal sikkerheit rehabilitering, Helse Bergen HF

Lokal Sikkerheit Rehabilitering søker assistent i fast helgestilling langvakt dag

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vil du vere med å bidra til tryggleik, rehabilitering og utvikling innan sikkerheitspsykiatri? Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerte i april 2026 ei ny lukka sengepost med åtte senger i Sandviken-området. Sengeposten tilbyr spesialisert behandling til pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp, med særleg fokus på tryggleik, stabilisering, rehabilitering og gradvis tilbakeføring til eit lågare omsorgsnivå. Sidan oppstart i april 2026 har sengeposten bygd opp eit solid fagmiljø med høg fagkompetanse og god fagdekning gjennom heile døgnet. Medarbeidarane er kjenneteikna av fagleg engasjement, samarbeid og eit felles mål om å skape best mogleg behandling og utvikling for pasientane våre. Fagfeltet er i kontinuerleg utvikling, og vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit viktig behandlingstilbod. Vi har ein ledig 18-26% fast helgestilling på dag for Assistent. Stillinga er primært organisert med langvakter om lag kvar fjerde helg. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju fortløpande i søknadsperioden.

Arbeidsoppgåver

• Miljøterapeutisk arbeid og oppfølging i postmiljø • Teamarbeid og tverrfagleg samarbeid • Observasjon og dokumentasjon av symptom på psykisk liding • Bidra til å skape ei trygg og strukturert postatmosfære med omsorg, støtte og gode grenser • Praktiske oppgåver og dagleg drift • Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål Kvalifikasjonar

• Relevant erfaring med pasientgruppa • Må meistre norsk munnleg og skriftleg særs godt • Bør vere student innan helse -og sosialfagleg utdanning • Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon • Ved tilsetjing må gyldig politiattest leggast fram Personlege eigenskapar

• Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta • Strukturert og pasientorientert • Respektfull i møte med pasientar og pårørande • God evne til å arbeide tverrfagleg og i team • Trivst i eit aktivt miljø • Etterspør og nyttar rettleiing • Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr

  • •Å vere med og forme eit nytt behandlingstilbod innan sikkerheitspsykiatri
  • •15 000 kroner pr år i særtillegg
  • •Eit spennande og fagleg miljø der folk trivst på jobb
  • •Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • •Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • •Arbeidsstad i Sandvikenområdet

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering. Kontaktinformasjon Cecilie Engelsgjerd Eikestad, Seksjonsleiar, 90180905, cecilie.engelsgjerd.eikestad@helse-bergen.no

Britt Jeanette Hartwig, Ass. Seksjonsleiar, britt.jeanette.hartwig@helse-bergen.no

Arbeidsstad Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5194649869

Stillingsprosent: 26%

Fast

Søknadsfrist: 02.11.2026